Flowers of the Forest

«Flowers of the Forest» er ein gammal skotsk folkemelodi. Sjølv om den originale teksten er ukjend, vart melodien nedskriven kring 1615-1625 i John Skene of Halyards Manuscript som «Flowres of the Forrest», men han kan ha vorte komponert tidlegare.[1]

Det finst fleire tekstutgåver til melodien, mellom anna av Jean Elliot frå 1756. Andre er Alison Cockburn som synt under. Mange utgåver er spelt på sekkepipe. På grunn av innhaldet i teksten og den andektige melodien, er det ein av få melodiar som sekkepipespelarar berre spelar i gravferder eller minnetenester.

Melodien

endre

Melodien er ein enkel modal melodi og typisk for gamle skotske melodiar er han fullstendig pentatonisk med eit dramatisk unntak av den tredje og femte tonen i den andre linja, som er ein halvtone under den sjuande tonen.

Teksten til Jean Elliot

endre

Jean Elliot (f. 1727) skreiv tekst til melodien i 1756 som ein sørgjesong for Jakob IV, mange av adelsmennene hans og over 10 000 mann. Tittelen var «Flowers of the Forest» og omhandla slaget ved Flodden Field nord i England i 1513, ei viktig hending i skotsk historie.

Ho publiserte songen anonymt og ein trudde på den tida at det var ein gammal ballade. Burns mistenkte derimot at det var ein imitasjon, og i lag med Ramsay og Sir Walter Scott fann dei til slutt tekstforfattaren.

Songen, skriven på skotsk, er òg kjend som The Floo'ers o' the Forest (are a' wede away) og sørgjande kvinner og born etter tapet av dei unge mennene sine. Songen har liknande tema som det gammalwalisiske diktet Y Gododdin som omhandlar eit liknande tap kring 600.

Mektige sekkepipe-versjonar av songen vert stundom nytta i minnetenester, gravferder og andre hendingar. Mange i Det britiske samveldet kjenner berre melodien som «The Lament» (sørgjesongen), som vert spelt på Remembrance Day eller Remembrance Sunday.

Det første verset om lykkelege dagar står i kontrast til resten av songen:

I've heard the lilting, at the yowe-milking,
Lassies a-lilting before dawn o' day;
But now they are moaning on ilka green loaning;
"The Flowers of the Forest are a' wede away".
...
Dool and wae for the order sent oor lads tae the Border!
The English for ance, by guile wan the day,
The Flooers o' the Forest, that fought aye the foremost,
The pride o' oor land lie cauld in the clay.

Songen vert nemnd i The Scots Musical Museum som The flowres of the Forrest, og melodien har visstnok overlevd, men fleire tekstversjonar vart skriven ned seinare. Den vanlegaste er teksten til Jean Elliot.

Teksten til Alison Cockburn

endre

I 1765 publiserte Alison Cockburn hennar tekst til «Flowers of the Forest», og byrja med «I've seen the smiling of Fortune beguiling», som vart sagt at ho skreiv før ho gifte seg i 1731. Teksten omhandlar finanskrisa som ruinerte mange lairdar i Selkirk. Seinare biografar har derimot meint at teksten vart skriven om ein John Aikman, som Alison ser ut til å ha hatt eit forhold til, då han forlet London.

Det første verset er

I've seen the smiling
Of fortune beguiling,
I've tasted her pleasures,
And felt her decay;
Sweet is her blessing,
And kind her caressing,
But now they are fled
And fled far away.

Moderne bruk

endre

Begge versjonar av songen er ein del av den tradisjonelle musikken i Selkirk Common Riding, som til dels minnar tapet ved Flodden. Versjonen til Jean Elliot er i byen kjend som «The Liltin». Versjonen til Alison Cockburn vert spelt som ein marsj.

  • Det engelske folkrockbandet Fairport Convention spelte songen på albumet deira Full House i 1970.
  • Songen vart spelt av ei einsleg sekkepipe i gravferda til visesongaren Sandy Denny.
  • Den skotske tenoren Kenneth McKellar har spelt inn ein versjon av songen.
  • Michael Nyman gjorde songen raskare og nytta han som ein del av musikken til filmen The Piano.
  • Den engelske musikaren Mike Oldfield spelte songen i 1996 for albumet sitt, Voyager.
  • Songen «Flowers of the Town» av det engelske folkebandet The Unthanks er basert på denne songen.
  • Songen vert mykje omtalt i romanen Sunset Song av Lewis Grassic Gibbon.
  • Songen er den offisielle sørgjesongen spelt for falne soldatar i Canada, og det er òg vanleg at det britiske militæret nyttar denne melodien til å markere dødsfallet til ein soldat i Afghanistan.

Kjelder

endre
  1. Skene mandora manuscript,Edinburgh, National Library of Scotland ms adv.5.2.15

Bakgrunnsstoff

endre