Opna hovudmenyen

Floyd Bennett (fødd 25. oktober 1890 i Warrensburg, daud 25. april 1928 i Québec) var ein amerikansk pilot. Saman med Richard E. Byrd freista han å nå Nordpolen med fly frå Ny-Ålesund i 1925.

Floyd Bennett
Floyd Bennett.jpg
Fødd 25. oktober 1890
Warrensburg
Død

25. april 1928
Québec

Yrke oppdagar, offiser, flygar
Floyd Bennett på Commons

Bennett var utdanna bilmekanikar. I 1917 vart han innkalla til teneste i den amerikanske marinen der han tok flygarutdanning. I 1925 deltok han i Donald B. MacMillan sin ekspedisjon til Grønland saman med Richard E. Byrd. Eit år seinare freista Byrd og Bennett å nå Nordpolen med fly. Den 9. mai 1926 tok flyet til Bennett og Byrd av frå Ny-Ålesund på Svalbard med kurs for Nordpolen. Dei kom tilbake same dag. Den korte reisetida førte til spekulasjonar om dei hadde nådd Nordpolen.

Bennett var ein av favorittane i samband med Orteigprisen i 1927, ein pris på 25 000 doilar til den som klarte å fly utan mellomlanding mellom Paris og New York. Bennett skulle fly saman med Byrd, Bert Acosta og George Noville. Under ei prøveflyging 16. april 1927 i ein Fokker Trimotor havarerte han og vart alvorleg skadd. Han døydde eit år seinare i Quebec i Canada.

For å heidra minnet hans døypte Richard E. Byrd flyet til sørpolsekspedisjonen sin i 1929 «Floyd Bennett». Andre oppkallingar etter Bennett var den første store flyplassen i New York, Floyd Bennett Field, og den amerikanske marinen sin jagar USS «Bennett» (DD-473).

KjelderEndra