Flugfélag Íslands
Air Iceland Connect, tidlegare Flugfélag Íslands, var[1] eit flyselskap med base i Reykjavík på Island.[2] Flyselskapet flaug til ulike destinasjonar på Island, Grønland og Færøyane (med Atlantic Airways). Reykjavík lufthamn og Akureyri lufthamn.[3] Selskapet tilhøyrde Icelandair Group,[4][5] og vart slått saman med Icelandair i 2021.[1]
Flugfélag Íslands | |
Skipa | 1937 (som Flugfélag Akureyrar) |
---|---|
Hovudkontor | Reykjavík |
Oppløyst | 15. mars 2021 (slått saman med Icelandair)[1] |
Selskapet vart stifta i Akureyri av Tryggvi Helgason som Nordurflug. I mai 1975 vart namnet til selskapet endra til Flugfelag Nordurland. Ei seinare omorganisering og samanslåing av Icelandair Domestic og Norlandair (Flugfélag Nordurland) førte til det noverande namnet i 1997. Selskapet er heileigd av Icelandair Group og hadde i mars 2007 226 tilsette.
Ulukker og hendingarEndra
- 29. mai 1947. Ein C-47, TF-ISI, styrta i Heidinsfjørdur nær Akureyri på Island. Alle ombord, 19 passasjerar og ei besetning på fire, omkom. Dette er den verste flyulykka i islandsk historie.
- 14. april 1963: Nesøya-ulukka der ein Vickers Viscount TF-ISU, «Hrimfaxi», styrta i eit bustadsområde på Nesøya under innflyging til Fornebu. Alle ombord, åtte passasjerar og ei besetning på fire, omkom.
- 4. mai 2011. Ein Bombardier Dash 8 TF-JMB vart under landing på Nuuk lufthamn utsett for vindkast som førte til at høgre hjul vart rive av. Ingen vart skadde, men flyet måtte avskrivast.
KjelderEndra
- ↑ 1,0 1,1 1,2 businesstraveller.com - Air Iceland Connect merges with Icelandair brand 12. mars 2021
- ↑ Home. Air Iceland Connect. Henta 13. februar 2011. "Air Iceland - Reykjavik airport - 101 Reykjavik"
- ↑ «Directory: World Airlines». Flight International. 27. mars 2007. s. 58.
- ↑ «Air Iceland Connect». airicelandconnect.is. Henta 3. mars 2018.
- ↑ «Air Iceland Connect to disappear». RÚV (på islandsk). 9. mars 2021. Henta 9. mars 2021.
- Denne artikkelen bygger på «Flugfélag Íslands» frå Wikipedia på bokmål, den 28. september 2018.
- Denne artikkelen bygger på «Air Iceland Connect» frå Wikipedia på engelsk, den 28. mai 2021.