Atlantic Airways er det nasjonale flyselskapetFærøyane. Det flyg innanlands og utanlands, med base på øya Vágar. I Noreg har Atlantic Airways frakta tilsette for Aker Kværner (AKST) til og frå Snøhvit- og Ormen Lange-prosjektet sidan 2004.

Atlantic Airways

Skipa1987
HovudkontorFærøyane
LandFærøyane
Nettstadhttp://www.atlantic.fo
Avro RJ frå Atlantic Airways på Vágar lufthamn.

Selskapet vart skipa i 1987, og den første turen gjekk frå Færøyane til København i 1988. Selskapet er eigd av dei færøyske styresmaktene. Dei har ordinære ruter til Aalborg, Billund, Edinburgh, København, Oslo, Paris, Barcelona, Reykjavík og Shetland, i tillegg til charterturar. Internt på Færøyane har dei helikopterruter. Selskapet frakta 101 428 passasjerar i 2002 og hadde 96 tilsette i januar 2005.

Ulukka på Stord 2006 endre

10. oktober 2006 køyrde Atlantic Airways rute 670 av rullebanen på Stord lufthamn, Sørstokken og tok fyr. Flyet var eit av AKST sine charterfly på veg frå Stavanger til Molde med arbeidarar som skulle til Ormen Lange. Det var 16 personar om bord, 12 av dei var passasjerar. Tre av passasjerane og ein av dei tilsette døyde i ulukka. Årsaka til ulukka var truleg at spoilerane på vengene, som skal halda flyet nede på bakken så hjulbremsene får tak, ikkje løyste seg ut.[1]

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Atlantic Airways