Akureyri

Akureyri er ein islandsk by og kommune. Han er med dei 17 253 innbyggarane sine (desember 2007) den fjerdestørste byen på Island, etter Reykjavík, Hafnarfjörður og Kópavogur. Byen ligg i fylket Norðurland eystra ved riksveg 1 (Hringvegur, ringvegen), og har au eigen flyplass. Kommunenamnet er Akureyrarbær (Akureyriby).

Akureyri
by
Akureyri-08-Panorama-2018-gje.jpg
Land Flag of Iceland.svg Island

Akureyri
65°40′0″ N 18°6′0″ W
Wikimedia Commons: Akureyri
Klimadiagram frå Akureyri

Under andre verdskrigen var delar av den norske 330-skvadronen utstasjonert i Akureyri.

HistorieEndra

Vikingen Helgi Magri Eyvindarson slo seg ned på staden på 800-talet. Den fyrste historiske kjelda som nemner Akureyri er ein dom frå 1562 der ei kvinne blei dømd for utruskap. På 1600-talet slo danske handelsfolk seg ned i Akureyri, i hovudsak på grunn av den gode naturlege hamna og det gode jordbrukslandet i området. Danskane bodde likevel ikkje i Akureyri heile året. Om vinteren blei husa låst og handelsmennene reiste heim. I 1778 blei det permanent busetnad i Akureyri, og åtte år seinare gav kongen av Danmark-Noreg staden kommunestatus, saman med fem andre stader. Kongen håpa å betre levevilkåra til islendingane, for til da hadde enda ikkje Island hatt bysentra. Det hjelpte likevel ikkje for Akureyri, staden økte ikkje frå innbyggartalet på tolv.

I 1836 mista staden statusen sin som kommune, men fekk han tilbake i 1862. Deretter begynte Akureyri å vokse, på grunn av den gode hamna, og ikkje minst på grunn av det gode jordbruket. Ein industri for vidareforedling av jordbruksprodukt voks fram og blei hjørnesteinen i byen. Gjennom 1900-talet trekte folk på Island inn mot byane, og Akureyri fekk sin del av desse nye byborgarane. Handels- og tenestenæringar har sidan vakse fram som dei viktigaste sysselsettingsområda, etter at produksjonsbedriftene har gått tilbake sidan 1990.

Dei siste ti åra har fiskeindustri blitt meir viktig i Akureyri ettersom to av dei største fiskeribedriftene på Island, Samherji og ÚA, har hovudkontora sine her.

Universitetet i Akureyri, Háskólinn á Akureyri, blei opna i 1987 og har veksande studenttal. Spesielt mange studentar er fjernstuderande.

Akureyri er vennskapsby med Ålesund.

BakgrunnsstoffEndra