Flying on the Ground Is Wrong

Flying on the Ground is Wrong
Song av Buffalo Springfield
frå albumet Buffalo Springfield
Utgjeve 5. desember 1966
Innspelt 1966
Sjanger Folkrock
Lengd 2:43
Selskap Atco
Tekstforfattar Neil Young
Låtskrivar(ar) Neil Young
Produsent Charles Greene, Brian Stone

«Flying on the Ground is Wrong» er ein song skriven av Neil Young og spelt inn av bandet Buffalo Springfield. Han vart gjeven ut på albumet Buffalo Springfield i 1966.

«Flying on the Ground is Wrong» er ein av dei mindre kjende songane av Neil Young frå Buffalo Springfield-dagane. Han har ein vemodig melodi og stemningsfull tekst som er ein av dei vakraste songane i den tidlege karrieren til Young.[1] Richie Furay syns solovokalen og den mjuke stemma hans framhevar melodien i staden for den uutgrunnelege teksten. Young sjølv medverkar med sologitar, ein høg udempa og ringande tone, som vart mykje nytta i Buffalo Springfield og som skulle påverke seinare popband. Sjølv om «Flying on the Ground Is Wrong» aldri vart gjeven ut som singel og aldri trekte til seg mykje merksemd då han kom ut, er han vorten ein favoritt hos Neil Young-tilhengjarane i seinare år.[1]

Kjelder endre