Flyulukka i Jaroslavl

(Omdirigert frå Flysturten i Jaroslavl 2011)

Flyulukka i Jaroslavl fann stad 7. september 2011, då eit Yakovlev 42D passasjerfly på veg til Minsk i Kviterussland styrta nær Jaroslavl i Russland. Flyet hadde heile ishockeylaget frå Lokomotiv Yaroslavl frå Kontinental Hockey League (KHL) ombord som skulle byrje 2011-12 sesongen i KHL.

Flyulukka i Jaroslavl
Дмитрий Медведев на месте крушения Як-42Д.jpeg
Dato 7. september 2011
Ulukkesstad Nær Jaroslavl i Russland
Passasjerar 37
Mannskap 8
Omkomne 44
Overlevande 1 (2 overlevde styrten, men ein av desse døydde seinare på sjukehus)
Flytype Yakovlev 42D
Operatør YAK Service
Registreringsnr. RA-42434
Fyrste flyging 1993
Tok av frå Tunoshna lufthamn i Jaroslavl oblast i Russland
Destinasjon Minsk-1 lufthamn i Minsk i Kviterussland

Alle spelarane i klubben døydde i ulukka. Flyet tok fyr og styrta kort tid etter at det hadde teke av, vel fire kilometer frå Tunoshna lufthamn. Teknikaren til flyet, Aleksandr B. Sizov, var einaste overlevande.

Spelarane ombord var frå Russland, Kviterussland, Latvia, Tyskland, Tsjekkia, Slovakia og Sverige.

Personar ombordEndra

Omkomne leiararEndra

Namn Alder Land Tittel
Brad McCrimmon 52   Canada Trenar
Aleksandr Karpovtsev 41   Russland Ass. trenar
Igor Koroljov 41   Russland Ass. trenar

Omkomne spelararEndra

Namn Alder Land Posisjon
Vytalyj Anykjenko 24   Ukraina Forsvarsspelar
Michail Balandin 31   Russland Forsvarsspelar
Gennadij Tjurilov 24   Russland Midtbanespelar
Pavol Demitra 36   Slovakia Midtbanespelar
Robert Dietrich 25   Tyskland Forsvarsspelar
Aleksandr Galimov 26   Russland Forsvarsspelar
Marat Kalimulin 23   Russland Forsvarsspelar
Aleksandr Kaljanin 23   Russland Angrepsspelar
Andrej Kirjuchin 24   Russland Angrepsspelar
Nikita Kljukin 21   Russland Midtbanespelar
Stefan Liv 30   Sverige Målmann
Jan Marek 31   Tsjekkia Midtbanespelar
Siargej Astaptjuk 21   Kviterussland Angrepsspelar
Karel Rachůnek 32   Tsjekkia Forsvarsspelar
Ruslan Salej 36   Kviterussland Forsvarsspelar
Maksim Sjuvalov 18   Russland Forsvarsspelar
Kārlis Skrastiņš 37   Latvia Angrepsspelar
Pavel Snurnitsyn 19   Russland Angrepsspelar
Daniil Sobtjenko 20   Ukraina Midtbanespelar
Ivan Tkatjenko 31   Russland Angrepsspelar
Pavel Trachanov 33   Russland Forsvarsspelar
Jurij Urytjev 20   Russland Forsvarsspelar
Josef Vašíček 30   Tsjekkia Midtbanespelar
Aleksandr Vasiunov 23   Russland Angrepsspelar
Oleksandr Vjuchin 38   Ukraina Målmann
Artjom Jartjuk 21   Russland Angrepsspelar

KjelderEndra