Folke Nesland
Folke Nesland (fødd 11. mars 1948) er kommuneingeniør i Bykle kommune. Han har vore kommuneingeniør sidan 1975, og er den av dei noverande kommunetilsette som har stått lengst i stillinga. Utanom dette har han arbeidd mykje med innsamling og kartfesting av gamle stadnamn i bygda. Vidare driv han ikkje så lite med smiing, og vert rekna for ein av de beste munnharpesmedane i landet. Elles er han svært interessert i lokalhistoria, og har såleis vore ei god kjelde for bygdeboka.[1]
Folke Nesland | |||
Folke Nesland er her fotografert i inngangsdøra til smia si ein gong i 1980-åra. Biletet er teke av ein fotograf i Agderposten, og kjem frå Folkes eiga samling. | |||
Fødd | 11. mars 1948 (76 år) |
---|