Folkets parti

norsk politisk parti

Folkets parti (forkorta FP, tidlegare Folkeaksjonen nei til meir bompengar og Folkets parti FNB) er eit norsk politisk parti stifta i 2014 i Stavanger.[3] Grunnleggjar var Frode Myrhol, som har leidd FNB sidan og var førstekandidat for partiet ved kommunevalet i Stavanger i 2015.[4]

Folkets parti

LandNoreg
Grunnlagt12. desember 2014[1]
Donasjonar0 norsk krone (2021)[2]
Ideologienkeltsaksparti Sjå dette på Wikidata
SlagordNok er nok! Nei til mer bompenger!

Historie endre

FNB starta som ein folkeaksjon på Nord-Jæren mot den nye bompengeringen/bypakken som blei foreslått og vedtatt innført på Nord-Jæren hausten 2014.[3] Etter at den nye bypakken blei vedtatt i fylkestinget i Rogaland i desember 2014, blei det starta eit nytt politisk parti med same namn. Partiet stilte til val i Stavanger i 2015 og fekk 3 representantar i Stavanger bystyre.[5]

Partiet samla underskrifter for å bli registrert som politisk parti på nasjonalt nivå våren 2018.[6][7] FNB blei innlemma i Partiregisteret i august 2018, og fekk dermed status som eit nasjonalt parti.

Partiet har hatt som mål å samla motstanden mot bompengar i dei største norske byene i ein organisasjon, i det arbeidet var det viktig å få med Bergen,[8] og fleire andre kommunar og fylke.

Partiet stiller til kommunevalet i Stavanger, Sandnes, Sola, Klepp, Bergen, Askøy, Alver, Øygarden, Skien, Porsgrunn og Oslo i september 2019, i tillegg til fylkestingsvalet i Rogaland, Vestland, Viken, Vestfold/Telemark og Troms/Finnmark.[9] I mai 2019 blei FNB målt til å vera det største partiet i Bergen, med ei oppslutning på 25,4 prosent.[10]

Hovudsaka til FNB er å fjerna bompengar som finansieringsmetode for utbygging av infrastruktur. Partiet meiner dette er ei statleg oppgåve og at prosjekt må finansierast over statsbudsjettet. Hovudbodskapen til partiet er at bompengar er ei usosial og tilfeldig skattlegging av befolkninga som strid mot modellen det norske velferdssamfunnet er bygd opp rundt. FNB er også imot vegprising, eigedomsskatt og vindmøller på land.[11]

Kjelder endre

  1. https://www.neitilmerbompenger.no/wp-content/uploads/2018/11/Revidert-Vedtekter-for-Folkeaksjonen-nei-til-mer-bompenger.pdf; vitjingsdato: 14. juli 2019; filformat: portable document format.
  2. https://www.partifinansiering.no/nb/arlige-bidrag.
  3. 3,0 3,1 Garvik, Olav (12. mai 2019). «Folkeaksjonen nei til mer bompenger». Store norske leksikon (på norsk). Henta 23. mai 2019. 
  4. Bergskaug, Elisabeth (25. april 2019). «Protestparti mot bompenger kan påvirke hverdagen til 3,4 millioner nordmenn». ABC Nyheter (på norsk). Henta 23. mai 2019. 
  5. Mæland, Kjetil (25. oktober 2018). ««Folkeaksjonen nei til mer bompenger»: - Det rammer de som tjener minst». Nettavisen (på norsk). Henta 24. mars 2019. 
  6. Kalstad, Lise Marit (6. mars 2018). «Vil starte nasjonalt parti mot bompenger». NRK (på norsk bokmål). Henta 24. mars 2019. «Folkeaksjonen nei til mer bompenger (FNB) vil bli et nasjonalt parti, og er i gang med å samle inn de 5000 underskriftene de trenger for å havne i partiregisteret. Foreløpig er de halvveis. | – Vi vil først og fremst satse i de store byene og da blir valget i 2019 viktig. Så vil vi vurdere om vi skal stille lister til stortingsvalget i 2021, sier Frode Myrhol i FNB.» 
  7. ««Folkeaksjonen nei til mer bompenger» (FNB) har samlet nok underskrifter til å bli et nasjonalt parti». Veier24.no (på norsk). 28. juni 2018. Henta 24. mars 2019. 
  8. Morten Myksvoll (22. februar 2019). «Finst det eit ekte bompengeparti?». www.bt.no (på norsk). Henta 24. mars 2019. «Skatteviljen er ikkje der for verken Folkeaksjonenen nei til mer bompenger (FNB) eller Framstegspartiet. Begge vil kutte i bompengane og begge vil kutte eigedomsskatten. Då blir det mindre veg og bane i Bergen. | Ein utbyggingstopp er òg den einaste løysinga deira på dei høge bompengane. Den løysinga er ikkje god nok. Bergen har allereie ei stor bompengegjeld, og den blir ein ikkje kvitt av å slutte å byggje.» 
  9. Andersen, Jon Even (25. april 2019). «Protestbevegelse girer opp: Bompengeparti vil på Stortinget». Dagbladet (på norsk). Henta 23. mai 2019. 
  10. Mæland, Pål Andreas; Tjeldflåt, Gerd (21. mai 2019). «Ny sjokkmåling: Nå er bompengelisten Bergens største parti». Bergens Tidende (på norsk). Henta 23. mai 2019. 
  11. «Hva mener FNB?». Folkeaksjonen nei til mer bompenger. 2. mai 2019. Henta 23. mai 2019. 

Bakgrunnsstoff endre