Opna hovudmenyen

Den 25. september 1972 var det ei rådgivande folkeavstemming om norsk medlemskap i EU, som da heitte EF. 53,5% stemte mot, 46,5% stemte ja.

I juni 1970 vedtok Stortinget med stort fleirtal å søkje medlemskap i EF. Forhandlingane gjorde at det vart store motsetningar i regjeringa Borten, som gjekk av i 1971. Samtidig vart debatten om EF skjerpa, og i perioden 1971–72 var dei politiske motsetningane hardare enn nokon annan gong i norsk etterkrigstid.

Folkebevegelsen mot norsk medlemskap i Fellesmarkedet vart skipa i 1970 og hadde på det meste over 130 000 medlemer. Mellom dei politiske partia var det Senterpartiet og Sosialistisk Folkeparti som representerte nei-sida. Nei-sida var ein allianse av bønder og fiskarar, intellektuelle og den radikale delen av arbeidarrørsla.

Ja-sida organiserte seg i Ja til EF-aksjonen i 1972. Høgre var det einaste av dei daverande politiske partia som stod samla på ja-sida. Dei andre partia var kløyvde i saka, og for Arbeidarpartiet og Venstre fekk dette varige konsekvensar. Leiinga i Ap og LO stod på tilhengarsida saman med næringslivet og nesten heile pressa.

I januar 1972 var forhandlingane med EF om vilkåra for norsk medlemskap ferdige, og 25. september 1972 stemte altså 53,5 prosent mot medlemskap, 46,5 prosent for. Regjeringa Bratteli gjekk etter dette av, og den nye regjeringa under leiiing av Lars Korvald forhandla om ein handelsavtale med EF som kom i 1973. EF-striden varte eigentleg heilt til og med stortingsvalet i 1973. Dette valet førte til stort tap for Ap, Høgre og Venstre, mens Senterpartiet og Sosialistisk Valforbund gjekk mykje fram.

Ei ny rådgivande folkeavstemming om norsk tilslutning til EU fann stad 28. november 1994, og gav om lag det same resultatet som røystinga i 1972.

KjeldeEndra