Folkedal kraftverk

vannkraftverk i Voss kommune, Vestland fylke, Noreg

60°30′17″N 6°37′57″E / 60.50472°N 6.63250°E / 60.50472; 6.63250 Folkedal kraftverk ligg ved Folkedal i Granvin herad i Hordaland. Vasskraftverket utnyttar eit fall på 336 meter i Folkedalselva mellom Svortetjørn og Øvre Folkedal. Krokavatnet er magasin for kraftstasjonen og kan regulerast med åtte meter.

Kraftverket vart bygd i 1939 av Granvin herad, og opprusta i 1962.

Årleg produksjon er på ca 9.21 GWh. Installert effekt er 0.95 MW.

Det er planar om oppgradering av anlegget. Dei gjekk i utgangspunktet på å hente vatn også frå Kvanndalselva til kraftverket, men dette er det no gått bort frå. Etter dei opphavlege planane skulle kraftverket få ein produksjon på 60 GWh årleg. Dei noverande planane vil føre til at kraftverket skal få ein årleg produksjon på 25,5 GWh etter utbygging og opprusting.

Det er det interkommunale Indre Hardanger Kraftlag AS som eig kraftverket.

Andre nettstader

endre

Kjelder

endre