Folkedikting

Folkediktning er eit omgrep laga etter modell av Johann Gottfried von Herder sitt Volkslied (folkevise). Ideen til Herder innebar at det fanst ein litteratur som lever i øyre og hjarte, uavhengig av dei klassiske sjangerkrava. Dette var dikting som gav direkte uttrykk for særpreget eller lynnet til folkesjela (nasjonen) .

Brørne Jacob og Wilhelm Grimm. Måla av Elisabeth Maria Anna Jerichau-Baumann, 1855.

Omgrepet verka svært inspirerande på mange som byrja å samla inn munnleg litteratur (Brørne Grimm, M.B. Landstad og Asbjørnsen og Moe) eller byrja å skriva med inspirasjon frå folkedikting (Henrik Wergeland, Oehlenschlæger eller Bürger) Utover 1800-talet kom anonymt opphav og munnleg tradisjon til å overta som dei viktigaste kjenneteikna på folkedikting. Denne fokuseringa førte til ein ny kunnskap om den munnlege traderinga, men skapte òg eit kunstig skarpt skilje mellom folkedikting og litterær diktning. Ideen om at folkediktinga gav uttrykk for tankane til sjølve folket og lynnet hang framleis ved, og har for så vidt ein reell bakgrunn sidan det munnleg traderte er blitt omdikta, tildikta og tilpassa gjennom fleire generasjonar. Men folkediktinga er likevel ikkje reint nasjonal. Eventyrtypane er i høgaste grad internasjonale medan den konkrete utforminga er lokal.

Inspirert av Herder sine idear byrja lærde menn i Tyskland å interessera seg for den folkelege diktinga. I Tyskland gav brørne Grimm i perioden 1812 til 1815 ut folkeeventyr, og deira arbeid var ein viktig inspirasjon for Asbjørnsen og Moe som er dei mest kjende innsamlarane av eventyr og segner i Noreg. Asbjørnsen og Moe gav i 1832 ut ei stor samling med eventyr og segn frå heile Noreg.

På 1800-talet var nasjonsbyggjarane mest interesserte i dei «store» folkediktsjangrane: Folkeviser, eventyr og segner. Men etter kvart blei det òg samla inn stev, slåttestev, barnerim, ordtak, gåter og andre småsjangrar.

I litteraturhistorier er folkediktinga ofte blitt plassert i perioden mellom den norrøne diktinga og reformasjonen (perioden 1350-1500), men dette er i beste fall ein hypotese, delvis fordi ein nesten ikkje har kjelder som kan fortelja noko om folkedikting i denne perioden, men òg fordi ein stor del av folkediktinga må ha fått form lenge etter reformasjonen.

KjelderEndra