Folkehøgskolen Nord-Norge
Folkehøgskolen Nord-Norge (nordsamisk Álbmotallaskuvla Davvi-Norga), tidlegare Soltun folkehøgskole, er ein kristen folkehøgskole som ligg på Evenskjer i Tjeldsund kommune i Troms og Finnmark fylke. Skolen vart etablert i 1974 etter initiativ av Ivar B. Larsen og Tore Meistad.
Folkehøgskolen Nord-Norge | |
Skuletype | Folkehøgskole |
---|---|
Grunnlagd | 1974 |
Fylke | Troms og Finnmark |
Kommune | Tjeldsund |
Tettstad | Evenskjer |
Eigar | KFUK-KFUM |
![]() Soltun Folkehøgskole |
Soltun hadde i starten profilen «Integrering mellom funksjonsfriske og funksjonshemmede». På 1990-talet hadde skolen ein jamn nedgang i elevtalet. Noko av grunnen var Reform-94 som innebar eit større fokus på vidaregåande læring og integrering i den vidaregåande skolen.
Hausten 2015 fekk skolen ny eigar, Norges KFUK-KFUM, og namnet vart endra til Folkehøgskolen Nord-Norge. Skolen satsar mellom anna på samisk kultur, og skal arbeide for å fremme det samiske og andre urfolk.[1]
KjelderEndra
- ↑ «Folkehøgskole frir til samisk ungdom». NRK. Henta 06.02.2016.