Folkereisning mot krig

Folkereisning mot krig (FMK) er ein norsk pasifistisk organiasjon. Han vart stifta i 1937 av Olaf Kullmann og Lilly Weber, som norsk avdeling av War Resisters' International (WRI).

Grunnlaget for WRI er ei oppfatning av krig som eit brotsverk mot menneskja, og at ein difor ikkje kan støtte nokon form for krig, men heller må arbeide for å fjerne alle årsaker til krig. FMK vil samle og styrke menneske og organisasjonar som vil arbeide i pakt med ei slik målsetjing.

FMK gir ut tidsskriftet Ikkevold, som kom ut første gong i 1968.

Bakgrunnsstoff endre