For Emily, Whenever I May Find Her

For Emily, Whenever I May Find Her
Song av Simon & Garfunkel
frå albumet Parsley, Sage, Rosemary and Thyme
Innspelt 22. august 1966
Sjanger Folkrock
Lengd 2:07
Selskap Columbia
Komponist Paul Simon
Tekstforfattar Paul Simon
Låtskrivar(ar) Paul Simon
Produsent Bob Johnston
For Emily, Whenever I May Find Her (Live)
Singel av Simon & Garfunkel
frå albumet Simon and Garfunkel's Greatest Hits
B-side

America

Språk engelsk
Utgjeve 10. august 1972
Sjanger Folkrock
Lengd 2:25
Selskap Columbia
Komponist Paul Simon
Tekstforfattar Paul Simon
Låtskrivar(ar) Paul Simon
Produsent
Simon & Garfunkel-kronologi 
«The 59th Street Bridge Song (Feelin' Groovy)»
(1970)
For Emily, Whenever I May Find Her (Live) «America»
(1972)


«For Emily, Whenever I May Find Her» er ein song av Paul Simon, sungen av den amerikanske duoen Simon & Garfunkel på det tredje studioalbumet deira, Parsley, Sage, Rosemary and Thyme (1966). Han vert sungen aleine av Art Garfunkel og består hovudsakleg av vokalen hans med mykje klang og ein 12-strengs akustisk gitar. Teksten omhandlar å finne ein kjæraste, sjølv om Simon ein gong skildra at teksten handla om ei «tru» enn ein spesifikk person.

Songen vart ført gjeven ut på singel som B-side til «A Hazy Shade of Winter» (1966), men eit konsertopptak vart sidan gjeven ut i 1972 på singel for å marknadføre Simon and Garfunkel's Greatest Hits. Singelen nådde då 53. plassen på Billboard Hot 100..[1]

Songen er blitt spelt av mange anre artistar og har vore fast på konsertane til Art Garfunkel. Han reknar det som ein av dei mest utfordrande songane å framføre.[2]

Andre versjonar endre

Songen er blitt spelt av ei rekkje andre artistar, som Glenn Yarbrough, Johnny Rivers (i 1967 på albumet hans Rewind), The Arbors (i 1968 på albumet deira The Arbors Featuring I Can't Quit Her - The Letter), Ricky Nelson (i 1969 på albumet hans Perspective), Paul Desmond (i 1969 på albumet hans Bridge over Troubled Water), Cliff Richard (i 1969 på albumet hans Sincerely Cliff), David Essex (i 1973 på albumet hans Rock On), John Frusciante (på Red Hot Chili Peppers-konsertar) og The Czars (i 2006 på albumet deira Sorry I Made You Cry).

Salslister endre

Vekeslister endre

Liste (1972) Plassering
US Billboard Hot 100[3] 53

Kjelder endre