Foramen infraorbitale
Foramen infraorbitale (IOF) er ein foramen i overkjevebeinet i hovudskallen som ligg under nedre orbitarand (IOM) i augehola. Gjennom denne kjem a. infraorbitalis, v. infraorbitalis og n. infraorbitalis, som er utgreiningar av overkjevedelen (CN V2) av trillingnerva (CN V). Distansen mellom IOF og IOM varierer frå 6,10—10,9 mm.[1] Foramen infraorbitale formar den ytre enden av c. infraorbitalis og kommuniserar med s. infraorbitalis maxillae, kanalen si opning på den indre sida.
Ramifikasjonane av dei tre hovudforgreininga av trillingnerva, ved foramen supraorbitale, infraorbitale og mentale, er fordelt langs ei vertikal linje og passerer gjennom midten av pupillen. Foramen infraorbitale blir brukt som eit trykkpunkt for å teste følsemda til n. infraorbitalis.[2] Palpering av foramen infraorbitale ved ekstraoral undersøking eller ved administrering av lokalbedøving fører til sårheit i området.[3]
Fleire bilete
endre-
Artikulasjonane frå nase- og tårebeina med overkjeven. Foramen infraorbitale er merka til venstre.
-
Hovudskallen til ein Grizzlybjørn med ein veldig synleg venstre foramina infraorbitalis
-
1) foramen ethmoidale anterius; 2) canalis opticus; 3) fissura orbitalis superior; 4) fossa sacci lacrimalis; 5) s. infraorbitalis maxillae; 6) fissura orbitalis inferior; 7) foramen infraorbitale
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Infraorbital foramen» frå Wikipedia på engelsk, den 26. februar 2015.
- ↑ Macedo, VC; Cabrini, RR; Faig-Leite, H (2009). «Infraorbital foramen location in dry human skulls» (PDF). Braz. J. Morphol. Sci. 26 (1): 35–38. Arkivert frå originalen (PDF) 3. mars 2016. Henta 26. februar 2015.
- ↑ Platzer, Werner (2004). Color Atlas of Human Anatomy, Vol. 1: Locomotor System (5th utg.). Thieme. s. 336. ISBN 3-13-533305-1.
- ↑ Illustrated Anatomy of the Head and Neck, Fehrenbach and Herring, Elsevier, 2012, page 55