Grizzlybjørn

underart av pattedyr
Grizzlybjørn
Grizzlybjørn
Grizzlybjørn
Utbreiing
Utbreiinga av Grizzlybjørn
Utbreiinga av Grizzlybjørn
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Rovpattedyr Carnivora
Familie: Bjørnefamilien Ursidae
Underfamilie: Ursinae
Slekt: Ursus
Art: Brunbjørn U. arctos
Underart: Grizzlybjørn U. a. horribilis
Vitskapleg namn
Ursus arctos horribilis

Grizzlybjørn (Ursus arctos horribilis), også kalla amerikansk grizzlybjørn og amerikansk brunbjørn, blir ofte rekna av taksonomar som ein eigen nordamerikansk underart av brunbjørn (Ursus arctos). I nordamerikansk samanheng kan grizzlybjørnar kallast innlandsbjørnar, i motsetnad til brunbjørn og kodiakbjørnen, som er ein kystbjørn.

Skildring endre

Grizzlybjørnen er ein stor og kompakt bjørn med innslag av grått i tuppane av det ytre hårlaget i dekkpelsen, noko som gjev han eit grågrislet eller gråmelert fargeuttrykk. Bjørnen er kjenneteikna av ein stor pukkellignende kul på ryggen som sit mellom skulderblada. Dette er ein muskelmasse som bjørnen bruker for å gje styrke til framlabbane når han grev. Hovudet er stort og rundt, og gjev bjørnen eit konkavt andletsuttrykk sett i profil.

Grizzlybjørnen veg normalt omkring 180-410 kg, men ekstremt store hannar kan nå ei vekt på nær 640 kg.[1] Hannen blir gjerne ca. 1,8 gongar større enn binna. Pelsfargen varierer mykje i forhold til den geografiske spreiinga, frå nærast blond til mørk brun og nesten svart. Forskjellane i fargar kan vera eit resultat av habitatet bjørnen lever i, noko som omfattar forskjellar både i diett og temperatur. Bjørnar som lever i kystnære omgjevnader er gjerne meir brune, medan innlandsbjørnane ofte blir meir grå.

Det finst òg ein svart grizzlybjørn (Ursus arctos lasiotus), også kalla amurgrizzly, i Asia. Tidlegare fanst det òg ein meksikansk grizzlybjørn (Ursus arctos nelsoni), men denne går ein ut frå døydde ut kring 1982–1986.

Taksonomi endre

Forskarar meiner no at grizzlybjørn og brunbjørn tilhøyrer same underart, sjølv om begge tidlegare har vore klassifiserte som eigne underarter. Genetisk sett er dei likevel svært homogene.

I Nord-Amerika finst det både vanleg brunbjørn, grizzlybjørn og kodiakbjørn. Sistnemnde skil seg frå dei to andre gjennom å vera generelt mykje større og gjennom forskjellar i skallen.[2] Han lever òg isolert frå desse på nokre få øyar. Han blir derfor klassifisert i ein eigen underart. Det som skil brunbjørn og grizzly i Amerika er nærast berre fargen og habitatet han lever i. Grizzlybjørnen er ein innlandsbjørn, medan brunbjørnen lever i meir kystnære strøk. Mange forskarar meiner at desse habitata påverkar skilnaden i utsjånad.

Geografisk utbreiing og habitat endre

I dag finst det grizzlybjørnar frå nord i Alaska og Canada, til statane Washington, Montana, Idaho og Wyoming i USA i sør. Historisk var denne bjørnen utbreidd heilt sør til nordvestre Texas. I dag er det likevel berre i nasjonalparkane i USA at det framleis finst grizzlybjørnar.

Grizzly i USA endre

Ser ein bort frå Alaska, der det finst omkring 30 000-35 000 grizzlybjørnar, er det estimert at det finst omkring 800-1 000 grizzlybjørnar igjen i USA. Av desse er ca. 350 i det nordvestre Montana, ca. 350-400 i eller like rundt Yellowstone nasjonalpark, ca. 30 i Selkirkfjella, på nordgrensa mellom Idaho og nordaustre Washington, ca. 30 i Cabinet-Yaakområdet, på grensa mellom Idaho og vestre Montana, og dessutan omkring 20 dyr i North Cascades i øvre Washington.

Grizzly i Canada endre

I tillegg til desse dyra kjem den kanadiske stammen av grizzlybjørnar, som er estimert til å vera mellom 26 916-34 150 dyr.[3] Av desse er det ca. 14 000 dyr i Britisk Columbia, ca. 6 000-7 000 i Yukon, ca. 5 100 i Nordvestterritoria, ca. 1 000 i Alberta og mellom 800 og 2 000 i Nunavut. Den kanadiske stammen har vore relativt stabil sidan 1990, sjølv om myndane tillèt jakt. Det blir skote omkring 450 grizzlybjørnar i Canada kvart år. I tillegg veit ein at det blir drepe omkring 100 bjørnar som følgje av menneskeleg aktivitet, men det finst òg store mørketal.

Habitat endre

Grizzlybjørnen trivst i ei rekkje ulike habitat. Ein finn han ofte i elvedalar, men også i fjellstrøk, tett skog, ope subalpint sletteland og på arktisk tundra. Med åra kan det sjå ut som om grizzlybjørnen har trekt seg stadig lenger mot nord, men det er framleis uklart om dette kjem av global oppvarming eller andre menneskelege aktivitetar. For USA sin del har grizzlybjørnen tapt meir enn 98 % av det opphavlege habitatet sitt.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre