Foreigner

britisk/amerikansk rockeband

Foreigner er eit britisk-amerikansk rockeband, opphavleg skipa i New York City og London i 1976 av den erfarne engelske musikaren og tidlegare Spooky Tooth-medlemmet Mick Jones, og briten og tidlegare King Crimson-medlem Ian McDonald i lag med den amerikanske vokalisten Lou Gramm.

Foreigner

Foreigner med nyare og tidlegare medlemmar i 2017
OpphavNew York City i USA.
London i England
AktivSidan 1976
Sjanger
Tilknytte artistar
Plateselskap
Medlemmer
Tidlegare medlemmer

Jones kom opp med bandnamnet då han, McDonald og Dennis Elliott var britiske, medan Gramm, Al Greenwood og Ed Gagliardi var amerikanske.[2][3] Den største hitsingelen deira, «I Want to Know What Love Is», toppa listene i både Storbritannia og USA og fleire andre land. Blant dei andre hitsingalne deira finn ein «Waiting for a Girl Like You», som nådde andreplassen i USA. Bandet er eit av dei bestseljande gjennom tidene og har selt meir enn 80 millionar plater,[4] inkludert 37,5 millionar plater i USA.[5]

Dei noverande medlemmane er Kelly Hansen (solovokal og perkusjon); Mick Jones (solo- og rytmegitar, klaverinstrument, kor- og solovokal); Thom Gimbel (rytmegitar, klaverinstrument, korvokal, saksofon og fløyte); Jeff Pilson (bass og korvokal); Michael Bluestein (klaverinstrument og korvokal); Bruce Watson (solo- og rytmegitar, korvokal); og Chris Frazier (trommer og perkusjon).

Historie endre

Leiaren i bandet var frå byrjinga den britiske gitaristen Mick Jones, som først kom inn i musikkmiljøet som studiomusikar og spelte på innspelingar av George Harrison og Peter Frampton, før han vart medlem av ein seinare versjon av Spooky Tooth. I midten av 1970-åra flytta Jones til New York City, der han ei kort stund var medlem av Leslie West Band og var talentspeider for eit plateselskap. Det tok ikkje lang tid før Jones kjende behovet for å setje saman eit nytt band som kombinerte element av rock, progressiv rock, R&B og pop.

Jones sette saman ei gruppe som bestod av den tidlegare saksofonisten i King Crimson, Ian McDonald og den tidlegare trommeslagaren til Ian Hunter, Dennis Elliot, som begge var britiske, i tillegg til musikarar frå New York med Al Greenwood (klaverinstrument), Ed Gagliardi (bass) og Lou Gramm (song). Sistnemnde var tidlegare medlem i eit lite kjend band kalla Black Sheep. Jones fann raskt kjemien med Gramm og ein av dei første songane dei skreiv i lag vart hitten «Cold as Ice». Dei tok namnetForeigner og fekk platekontrakt med Atlantic Records. Det sjølvoppkalla debutalbumet til Foreigner kom ut i 1977 og vart raskt ein stor hit med hitsinglane «Feels Like the First Time», «Long, Long Way from Home» og «Cold as Ice». Albumet selde til 5x platinaplate i USA.

Oppfølgjaren var Double Vision som vart ein ny suksess med hitsinglane «Hot Blooded» og tittelsporet, og albumet låg på topp 10 i USA i heile seks månader. På grunn av suksessen til albumet vart Foreigner etablert som eit populært arenarockband og albumet vart det bestseljande i heile karrieren deira. I 2001 hadde det selt sju millionar eksemplar i USA aleine. Det tredje albumet deira, Head Games, kom ut i 1979 og markerte første av mange besetningsendringar i gruppa, då Gagliardi vart erstatta av den tidlegare Peter Frampton- og Roxy Music-bassisten Rick Wills. Søjlv om albumet vart nok ein storseljar og var eit av dei streitaste albuma deira musikalsk sett, meinte både Gramm og Jones at albumet ikkje gjekk nye vegar, noko dei prøvde å gjere med det neste albuemt deira.

Besetninga vart kutta ned til ein kvartett som bestod av Jones, Gramm, Elliot og Wills då superprodusenten Mutt Lange (som nettopp hadde hatt stor suksess med AC/DC) vart hyra inn som produsent. Resultatet vart plata 4, som vart nok ein storseljar og gav hitsinglane «Urgent», «Jukebox Hero» og powerballaden «Waiting for a Girl Like You». Sjølv om sistnemnde vart ein stor hit, skapte det noko forvirring blant fansen sidan Foreigner hadde vore eit hardrockband som no gav ut balladar. I 1982 kom samleplata Records ut med dei største hittane til bandet. Innan 2001 hadde dette albumet selt sju millionar eksemplar.

Det tok tre år for Foreigner å fullføre oppfølgjarne til 4 med Agent Provocateur av Foreigner, som kom ut i 1984. Bandet tok overgangen til MTV-alderen med den gospelaktige balladen «I Want to Know What Love Is», som vart ein av dei største hittane på MTV og radio det året. Trass i suksessen til singelen, selde ikkje albumet like godt som tidlegare album av bandet. Etter ein ni månader lang turné det neste året, fokuserte både Jones og Gramm på andre prosjekt enn Foreginer i 1986. Jones produserte Bad Company-albumet Fame and Fortune og samproduserte Van Halen sin hitdebut med Sammy Hagar, 5150, medan Gramm arbeidde på soloplata si, Ready or Not, som kom i 1987. Same året kom det sjette albumet til Foreigner, Inside Information. Begge vart store suksessar og gav hitsinglar (Gramm med «Midnight Blue» og Foreigner med «Say You Will»). Det oppstod krangling mellom Gramm og Jones, sidan songaren fokuserte mest på solokarrieren sin, noko som førte til at Gramm slutta i bandet i 1989.

Same året gav Gramm ut eit nytt soloalbum, Long Hard Look, som ikkje vart ein like stor sukses som føregangaren, medan Jones produserte Billy Joel-albumet Storm Front og gav ut eit sjølvoppkalla soloalbum. Jones, Elliot og Wills prøvde å halde Foreigner flytande med ein ny songar, Johnny Edwards, og gav ut eit album i 1991, Unusual Heat, som stort sett vart ignorert. Gramm gjorde det ikkje noko særleg betre med albumet sitt, Shadow King, same året. Jones og Gramm innsåg feilen dei hadde gjort og kom saman att for innspelinga av tre heilt nye songar som kom ut på eit samleplate, The Very Best...And Beyond, i 1992, som selde godt. Eit år seinare kom konsertalbumet Classic Hits Live.

Gramm kom inn att i bandet permanent i tillegg til dei nye medlemmane Bruce Turgon (bass) og Jeff Jacobs (klaverinstrument). Den siste varianten av Foreigner gjekk i studio i 1995 for å spele inn Mr. Moonlight, som selde dårleg. Foreigner var derimot framleis eit populært konertband, men framtida til bandet vart uviss i 1997 då Gramm fekk svulst på hjernen. Heldigvis var ikkje svulsten vondarta og vart fjerna etter kort tid. Gramm brukt likevel tid på å kome seg att og først i 1999 var han frisk nok til å gå attende til Foreigner, som slo seg saman med Journey for ein sommarturné. Tidleg i 2000-åra gav bandet ut fleire arkivplater og nyutgjevingar av dei gamle platene sine med bonusspor. Can't Slow Down, ei samling på tre plater, inneheld eit nytt studioalbum, ei plate med nymiksa versjonar av dei største hittane deira, ein DVD-dokumentar, som kom i 2009. Foreigner fortsette å turnere gjennom 2010-åra og gav ut albumet Acoustique i 2011 og feire 40-årsjubileet sitt i 2017 med samleplata 40. I 2017 spelte dei òg i Sveits med eit 58-mann stort orkester og 60 mann stort kor. Dette kom ut på plate som Foreigner with the 21st Century Symphony Orchestra & Chorus våren 2018. Seinare det året heldt Foreigner ei rekkje konsertar kalla Foreigner Then and Now. Året etter gav Rhino Records ut Live at the Rainbow '78.

Noverande medlemmar endre

  • Mick Jones – solo- og rytmegitar, klaverinstrument, kor- og solovokal (sidan 1976)
  • Thom Gimbel – rytmegitar, klaverinstrument, korvokal, saksofon, fløyte (1992–1993, sidan 1995)
  • Jeff Pilson – bass, korvokal (sidan 2004)
  • Kelly Hansen – solovokal, perkusjon (sidan 2005)
  • Michael Bluestein – klaverinstrument, korvokal (sidan 2008)
  • Bruce Watson – rytme- og sologitar, korvokal (sidan 2011)
  • Chris Frazier – trommer, perkusjon (sidan 2012)

Tidslinje endre

Diskografi endre

Studioalbum endre

Kjelder endre

  1. Weinstein, Deena (2015). Rock'n America: A Social and Cultural History. University of Toronto Press. s. 164. ISBN 9781442600157. 
  2. «The Foreigner Website: The Band: Interviews: Chat with Lou Gramm». 4eigner.net. Henta 18. april 2014. 
  3. Billboard. p. 26. 19. april 1986.
  4. Fulton, Rick (28. mars 2014). «Foreigner frontman Mick Jones insists he has no plans to retire as he reveals his band's plans for new album and more tours». Daily Record (Glasgow). Henta 16. mai 2020. 
  5. «RIAA – Top Selling Artists». Recording Industry Association of America. Arkivert frå originalen 24. september 2015. Henta 3. februar 2010. 

Bakgrunnsstoff endre

  Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Foreigner