Forsand bygdemuseum

Forsand bygdemuseum er ei avdeling av Ryfylkemuseet. Samlinga tel om lag tusen gjenstandar som er sett i stand og systematiserte. I tillegg finst om lag 500 større og mindre gjenstandar som ikkje er registrerte. Gjenstandane har opphavet sitt i bonde- og fiskarsamfunnet i Forsand.

Hovuddelen av gjenstandane er frå garden Bakken i Lysefjorden. Museet rommar også arbeid etter treskjeraren og folkemusikaren Leif Mæhle.

Det meste av samlinga blir i dag oppbevart i kommunehuset i Forsand. Det blir arbeidd med å bruke denne samlinga som grunnlag for eit integrert museum og bibliotek i kulturhuset på Forsandmoen. Her er tanken å byggje opp ei utstilling kring livet i Lysefjorden og Pilt-Ola. Forsand kommune har dessutan ønskt å utvikle ein nettportal med tilgang til digitale utgåver av samlingane.

Gjennom avtale med Forsand kommune, har Ryfylkemuseet tatt på seg ansvaret for dei samlingane som i dag finst i kommunehuset og i Sjøhuset i Bergevik i Forsand.

Bakgrunnsstoff

endre