Leif Magnar Mæhle (17. mai 19271. september 2016) var frå 1969 til 1997 professor i nordisk og nynorsk litteratur og nynorsk målbruk ved Universitetet i Oslo. Han var den siste professoren med særleg ansvar for nynorsk litteratur.

Mæhle var son til ein gardbrukar i SunndalNordmøre. Sjølv tok han i 1952 filologisk embetseksamen (cand.philol.) ved Universitetet i Oslo. I 1969 tok han doktorgraden med avhandlinga Vegen til varden - ein studie i Olav Aukrusts diktning. Mæhle arbeidde mykje med nynorsk litteratur, skreiv mellom anna bøker om lyrikarane Olav Aukrust, Tore Ørjasæter og Aslaug Vaa, dessutan Aasmund Olavsson Vinje og Arne Garborg.

Mæhle var i si tid universitetslektor i norsk ved Georg-August-Universität Göttingen, og sidan universitetslektor ved Lunds universitet. Han var elles gjesteforelesar ved ei rad europeiske og USA-amerikanske universitet.

Mæhle grunnla Norsk Litterær Årbok og var redaktør for verket frå 1966 til 1988. Han var også språkkonsulent ved Det norske teatret. Perioden 1986-97 var han generalsekretær i Det Norske Videnskaps-Akademi, var også medlem i Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab.

Kjelder

endre