Forster randis er ein randis som ligg på landsida av Wordieisen, langs vestkysten av Den antarktiske halvøya. Han oppstår der Airy-, Seller-, Fleming- og Prospectbreen flyt saman og er kring 40 km lang frå nord til sør og kring 18 km brei.

Forster randis
randis
Land  Antarktis
Stad Graham Land
 - koordinatar 69°22′S 67°0′W / 69.367°S 67.000°W / -69.367; -67.000
Lengd 60 km
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Forster randis
69°22′00″S 67°00′00″W / 69.3667°S 67°W / -69.3667; -67
Forster randis is located in Antarktis
Forster randis (Antarktis)

Isen vart først kartlagt frå bakken av British Graham Land Expedition i 1936–37, og igjen i større detalj av Peter D. Forster og P. Gibbs frå Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) i 1958. Han vart namngjeven av UK Antarctic Place-Names Committee etter Forster, ein landmålar på Stonington Island i 1958 og ved Horseshoe Island i 1960.[1]

Kjelder

endre
  1. «Forster Ice Piedmont». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 15. januar 2014. 

  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Forster randis» (innhald frå Geographic Names Information System).