Opna hovudmenyen

Wordieisen var ein isbrem i søraustlege delar av Marguerite Bay mellom Cape Berteaux og Mount Edgell, langs vestkysten av Den antarktiske halvøya.

Wordieisen
isbrem
Wordie Ice Shelf Break up - Antarctica.gif
Figur som syner oppbrytinga av Wordieisen over fleire år
Land Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis
Stad Palmer Land og Graham Land
 - koordinatar 69°15′S 67°45′W
Administrert under Antarktistraktaten
Wordieisen is located in Antarktis
Wordieisen (Antarktis)
Plasseringa til Wordieisen within Den antarktiske halvøya

I mars 2008 rapporterte British Antarctic Survey at han verka klar til å bryte laus frå Den antarktiske halvøya.[1]I april 2009 hadde dette skjedd og han forsvann heilt.[2]

Han vart oppdaga av British Graham Land Expedition (BGLE) under Rymill, 1934-37, som namngav han etter sir James Wordie, som var uløna sekretær (seinare president) i Royal Geographical Society, og medlem av Discovery Committee, og styreleiar av Scott Polar Research Institute. Han hadde òg vore geolog og vitskapleg leiar for den britiske ekspedisjonen, 1914-16, under Ernest Shackleton.

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  1. «Press Release - Antarctic ice shelf 'hangs by a thread'». National Environment Research Council. British Antarctic Survey. March 25, 2008. Henta 3. januar 2014. 
  2. Fox, Maggie (April 4, 2009). «An Antarctic ice shelf has disappeared: Scientists». Reuters. 

BakgrunnsstoffEndra