Forsvarets medalje for falne og såra i strid

Forsvaret sin medalje for falne og såra i strid vert delt ut av Forsvarssjefen. Den vart innstifta 1. januar 2005, men er gjeldande frå 1. januar 2004. Medaljen vert delt ut til norsk militært personell eller sivilt personell under militær kommando som har vorte såra eller drepne i kamphandlingar, og som må ha vore årsaka av ein av partane i ei konflikt. Medaljen vert delt ut post mortem til næraste pårørande etter personell som har vorte drepne i kamphandlingar eller som har mista livet på grunn av skader årsaka av ein av partane i konflikten. Dersom ein person vert dekorert fleire gonger, berast medaljen med ei forsølva stjerne.

Forsvaret sin medalje for falne og såra i strid

Medaljen er forma som ein kross omgitt av ein krans. Den er i to variantar, ein for såra og ein for falne. Advers: Medaljen for såra har ein purpurfarga kross med eit opphøgd, nedoverpeikande og brote sverd i gylt metall. Kransen er i gylt metall og ligg bak krossen. Medaljen for falne har same utforming, men med svart kross. Revers: Medaljen har påskrifta «FOR LAND OG FOLK» og i tillegg namnet på mottakaren gravert inn på ei horisontal stripe. Medaljen skal berast i eit raudt band med to loddrette striper i svart for falne og i purpur for såra.

Det har ikkje tidlegare vore ein liknande medalje i Noreg.

Bakgrunnsstoff endre

Statuttar