Rapsode

Rapsode (gresk ῥαψῳδός, rhapsōdos; 'ein som syr saman songar' av rhaptein 'sy, tilverka' og oide, 'song, dikt', sjå ode)[1] var ein omreisande forteljar eller skald i Hellas i antikken som framførte, deklamerte og tilrettela framføring av episke diktverk. Rapsodar kunne særleg framføra Iliaden og Odysseen,[2] men også visdoms- og katalogpoesi.

Rapsode (Le Rhapsode, 1913) av Jean Hillemacher.

Ein skil gjerne mellom rapsode og aoide, som var ein førhomerisk songar. Ein rekner med at rapsoden framførte ferdige tekstar han hadde lært seg, medan aioden improviserte songar.[2]

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  1. Aarnes, Asbjørn (1977): Litterært leksikon, Oslo, s. 198-199
  2. 2,0 2,1 Kraggerud, Egil (20. februar 2018). «Rapsode». Store norske leksikon. Henta 21. september 2018.