For andre tydingar av oppslagsordet, sjå tidsskriftet Fortid.

Fortid er ein tidsperiode som har funne stad, i motsetnad til notid, nett no, og framtida, som kjem til å skje.

Kross på Snubbekors Høj i Tåstrup i Danmark. Krossen blei reist av herremannen Eskild Snubbe rundt 1230 til minne om at kona hans hadde fødd ein son her.

Menneske kan ha minne om fortida, og kan koma henne i hug gjennom assosiasjonar, å minnast, draumar og flashback. Dei har registrert henne gjennom munnlege overleveringar og nedskrifter sidan oldtida, og teke henne for seg gjennom historiefaget. Vitnesbyrd frå fortida blir også studert i fag som arkeologi, arkeoastronomi, samanliknande lingvistikk, geologi (historisk geologi), paleontologi, paleobotanikk, paleoetnobotanikk, paleogeografi, paleoklimatologi og kosmologi.

Grammatisk nytter ein ulike teknikkar for å markera fortid, som verbaspektet tempus. På norsk kan ein bruka perfektum og preteritum for å visa til fortidshendingar.[1][2]Kinesisk nyttar derimot ikkje verbaspekt, men tidsord som «i går», «i fjor» eller «for tre timar» sidan for å markera fortid.[3]

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  1. Theil, Rolf (6. desember 2021). «perfektum – grammatikk». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  2. Theil, Rolf (28. oktober 2019). «preteritum». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  3. Grigg, Hugh (14. april 2013), «Past events in Mandarin Chinese grammar (there's no past tense!)», Chinese Boost (på engelsk), henta 3. mai 2022