Tidsskriftet Fortid

norsk fagtidsskrift

Fortid er eit faglitterært tidsskrift, som publiserer historierelaterte artiklar og bokmeldingar. Bladet vart stifta i 2004, og har sidan kome ut jamleg.

Fortid
Oppretta2004
Språknorsk, bokmål
Nettstadhttps://www.fortid.no/, https://www.fortid.no/tidsskrift/

Tidsskriftet blir gitt ut av historiestudentane ved Universitetet i Oslo, som òg sit i redaksjonen. Bidragsytarar er historiestudentar, ved Universitetet i Oslo eller andre lærestader, i tillegg til norske og utanlandske historieforskarar. Målgruppa er historiestudentar og historikarar, men òg andre som har interesse for historie. Tidsskriftet vurderer difor alle bidrag som har ein relevans for historiefaget. Ein kan tinga tidsskriftet av redaksjonen, eller kjøpa det ved ulike bokhandlar og kioskar i Oslo eller i studentbokhandelen Studia i Bergen.

Fortid kjem ut ein gong i kvartalet, og oftast er ein bolk av nummeret via eit særskild tema. Per 2010 hadde bladet eit opplag på 600. Fortid er medlem av Norsk tidsskriftforening og blir distribuert gjennom interpress.

Redaksjonen arrangerer vanlegvis sleppfest ein gong i halvåret, for nummer ein og nummer tre, ofte på Filologisk Forening si ølstove Uglebo. Føredragshaldarar ved desse tilstellingane har vore ulike etablerte historieforskarar, som Erik Reinert og Geir Lundestad.

Fortid vart kåra til beste studentpublikasjon ved Universitetet i Oslo for studieåra 2005 og 2006.[1], og har blitt godt motteke av studentar[2] og i fagmiljø[3].

Redaktørar endre

  • 2004 - Gunnar Jakobsen
  • 2005 - Gunnar Jakobsen
  • 2006 - Jardar Sørvoll (nr. 1-3), Håkon Evju (nr. 4)
  • 2007 - Håkon Evju (nr. 1-2), Johannes Due Enstad og Anette Wilhelmsen (nr. 3-4)
  • 2008 - Johannes Due Enstad og Anette Wilhelmsen (nr. 1-3), Marie Lund Alveberg og Marthe Glad Munch-Møller (nr. 4)
  • 2009 - Marthe Glad Munch-Møller og Marie Lund Alveberg (nr. 1-2), Marthe Glad Munch-Møller og Øystein Idsø Viken (nr. 3), Øystein Idsø Viken og Haakon Ikonomou (nr. 4)
  • 2010 - Nina Maria Rud og Espen Thoen
  • 2011 - Kristin Li og Sveinung Kasin Boye
  • 2012 - Aslak Kittelsen og Henriette Mikkelsen Hoel (nr. 1-3), Henriette Mikkelsen Hoel og Erik Tobias Taube (nr. 4)
  • 2013 - Henriette Mikkelsen Hoel og Erik Tobias Taube (nr. 1), Erik Tobias Taube og Miriam Finset Ingvaldsen (nr. 2-3), Miriam Finset Ingvaldsen og Henrik Mathiesen (nr. 4).
  • 2014 - Henrik Mathiesen og Fredrikke Holt Skråmm.
  • 2015 - Nora Rodin og Skage A. Østberg.

Fortid på pensum endre

Artiklar frå Fortid har vorte brukt på pensum ved universitet og høgskular.

  • 2008 - Høgskulen i Bodø hadde Claudia Lenz' artikkel "Fra matauk til menneskerettigheter. Fortelling og fortolking av krigsminner i norske familier gjennom tre generasjoner" frå Fortid 02/07 på pensum til delemnet Bodø, Nordland og Norge under 2. verdenskrig: okkupasjon, dagligliv og sosiale forhold.[4] Artikkelen var òg på pensum i det her faget i 2010.[5]
  • 2010 - Universitetet i Tromsø hadde tre artiklar på pensum til faget Introduksjonskurs i historie: Hvordan historie blir til. Desse var Erling Sandmos artikkel "Fra kvinne- til kjønnshistorie - og tilbake? Om kjønnsperspektivets betydning i det norske historiefaget", Eirinn Larsens artikkel "Historiens kjønn og generasjoner. Et tilbakeblikk på kvinne- og kjønnshistorie" og Gro Hagemanns replikk til dei to føregåande. Alle frå Fortid 1/2010.[6]
  • 2012 - Universitetet i Oslo har to artiklar på pensum. I faget Nyere norsk historie, særemnet Norsk høyreekstremisme i mellomkrigstiden er det tale om Nicola Karcher, ”Den nordiske bevegelses ’generalstab’. Nordischer Ring og samarbeidet med norske raseforskere” frå Fortid 2/2009.[7] I historiedelen av faget Praktisk pedagogisk utdanning 1 er det tale om Halvdan Eikeland, "Interkulturell dannelse i norsk og tysk historiefaglig skoleundervisning", frå Fortid 4/2007.[8]

Referansar endre

  1. Artikkel i Universitas 06.09.2006, arkivert frå originalen 3. juni 2012, henta 16. november 2010 
  2. arkivkopi, arkivert frå originalen 3. juni 2012, henta 16. november 2010 
  3. arkivkopi (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 26. april 2012, henta 16. november 2010 
  4. HiBo: Master i Historie.
  5. HiBo: Emner fra nordnorsk historie.
  6. HiT: Introduksjonskurs i historie: Hvordan historie blir til., arkivert frå originalen 26. mai 2012, henta 16. november 2010 
  7. HIS1310 Nyere norsk historie - Særemnet: Norsk høyreekstremisme i mellomkrigstiden.
  8. Pensum/læringskrav (PPU3210 - Historie - Høst 2012).

Bakgrunnsstoff endre