Fossersjøen
Fossersjøen er ein innsjø på Fosser i Aurskog-Høland kommune i Akershus. Fossersjøen er ein del av hovudvasstrengen av Haldenvassdraget. Fossersjøen ligg 119 moh. Fossheim leirsted som vert drive av Normisjon ligg på vestsida av Fossersjøen. Hølandselva som har utløpet sitt frå Fossersjøen er farbar med mindre båtar sørover til Skulerudsjøen som er kanalisert vidare til Halden via Haldenkanalen.
Fossersjøen | |||
innsjø | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Akershus | ||
Kommune | Aurskog-Høland | ||
Høgd over havet | 119 moh. | ||
Areal | 0,3 km² | ||
Fossersjøen 59°48′56″N 11°29′39″E / 59.815555555556°N 11.494166666667°E |
Denne geografiartikkelen som har med Akershus å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.