Hølandselva
Hølandselva i Aurskog-Høland i Akershus er ei elv i Haldenvassdraget som strekkjer seg frå Fossersjøen i nord til Skulerudsjøen i sør. Elvestrekninga har lågt fall (om lag 1 meter frå Fossersjøen til Skulerudsjøen) og elva meandrer seg gjennom Hølandsbygdene og er framkommeleg for småbåtar heile vegen. I tidlegare tider hadde ho ein rik bestand av edelkreps og var ei viktig elv for tømmerfløyting. Aust for tettstaden Hemnes renn Hølandselva gjennom Bergsjø naturreservat som er særleg viktig for rastande fuglar på trekk om våren og hausten.