Fowler Knoll
Fowler Knoll er ein kjenneleg, snødekt knaus, 2465 moh, med ei bratt sørside sentralt i Havola Escarpment i Antarktis. Han vart kartlagd av US Geological Survey frå landmålingar og flyfoto tekne av U.S. Navy, 1958–61, og vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names etter George W. Fowler i US Army, som var navigatør på den 700 nautiske mil traktorreisa frå Byrd-stasjonen til Amundsen-Scott-stasjonen, 8. desember 1960 til 11. januar i 1961. Gruppa var leia av major Antero Havola og dei passerte like sør for denne knausen 25. desember 1960.[1]
Fowler Knoll | |||
ås | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Ellsworth Land | ||
• høgd | 2 465 moh. | ||
- koordinatar | 84°47′S 99°14′W / 84.783°S 99.233°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Fowler Knoll 84°47′00″S 99°14′00″W / 84.7833°S 99.2333°W | |||
Kjelder
endre- ↑ «Fowler Knoll». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 16. oktober 2012.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Fowler Knoll» (innhald frå Geographic Names Information System).