Frøyland og Orstad kyrkje

kyrkje i Klepp kommune

Frøyland og Orstad kyrkje ligg i tettstaden Orstad i Klepp kommune, nær grensa til Time kommune, og tettstaden Kvernaland, i Rogaland. Kyrkja vart innvigd 14. desember 2008 og har plass til 630 menneske. Kyrkja er den første i Den norske kyrkja som har ein kyrkjelyd som strekk seg over to kommunar, og den første kyrkja i Den norske kyrkja med dåpsbasseng. Kyrkja er bygd i ei svak amfiform, noko som gjer oversikten bra frå hele kyrkjesalen.

Frøyland og Orstad kyrkje
kyrkje
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Stavanger
Prosti Jæren
Sokn Frøyland og Orstad
Fellesråd Klepp
Arkitekt Link Signatur
Innvigd 14. desember 2008
Stopul Ja
Kyrkjegard Nei
Døypefont Kyrkja har både døypefont og dåpsbasseng
Altartavle Per Odd Aarrestad
Sitjeplassar 630
Kart
Frøyland og Orstad kyrkje
58°47′16″N 5°43′14″E / 58.78763889°N 5.72044444°E / 58.78763889; 5.72044444

Vinteren 2006 starta gravinga for det nye kyrkjebygget, og bygginga tok to år. Utgiftene til bygginga av kyrkja vart delte likt mellom Klepp og Time kommunar: Kvar av dei betalte 21 millionar. I tillegg vart det samla inn om lag 10 millionar kroner, og det vart lagt ned dugnadsarbeid for om lag same summen. Til saman kom kyrkja på 62,5 millionar kroner.

Kunst endre

Altartavla er laga av Per Odd Aarrestad. I våpenhuset er det kunst av Tor Lindrupsen. Eit kapell er dekorert av Reidun Rugland.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre