Frații Advahov

moldovsk musikkduo

Frații Advahov (norsk omsetjing 'Advahov-brørne') er eit moldovsk folkemusikkband]] med base i Chișinău. Gruppa vart skipa i 2005 og består av brørne Vasile og Vitalie Advahov. Saman med rockegruppa Zdob și Zdub, representerte dei Moldova i Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia med songen «Trenulețul».[1]

Frații Advahov

Aktiv2003–
Sjangerfolkemusikk

Bakgrunn

endre

Vitalie og Vasile Advahov vart fødde i Cahul i Moldova, høvesvis 18. januar 1978 og 26. april 1979.[2] Foreldra Vasile og Agafia Advahov kom opphavleg frå Gotești og Cîrpești, og underviste ved pedagogikkskulen i Cahul.[2][3] På vidaregåande skule var brørne med i ei orkestergruppe kalla Mugurașii.[2]

I 2005 skipa brørne bandet Frații Advahov.[2][3] Gruppa var i utgangspunktet meint å vere eit lite band, men auka i popularitet, og fleire moldovske og rumenske musikarar slutta seg til og bandet vart til eit orkester.[2] I 2020 var 45 instrumentalister tilknyttet Frații Advahov.[4]

I januar 2022 vedtok den moldovske ålmennkringkastaren Teleradio-Moldova at Frații Advahov skulle representere Moldova i Eurovision Song Contest 2022 saman med Zdob și Zdub og låten «Trenulețul».[1][5] I Eurovision Song Contest enda dei på en sjuandeplass.[6]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 «Zdob si Zdub & Fratii Advahov will represent Moldova with "Trenuletul" at Eurovision 2022». wiwibloggs (på engelsk). 29. januar 2022. Henta 20. februar 2022. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 «Orchestre - Orchestra Fraţilor Advahov». www.moldovenii.md (på md). Henta 20. februar 2022. 
  3. 3,0 3,1 «Fraţii Advahov, un miracol de care se bucură toată lumea». Timpul - Ştiri din Moldova. Henta 20. februar 2022. 
  4. «Ce familii frumoase au Frații Advahov. Copiii lor sunt pasionați de muzică și le calcă pe urme». www.protv.ro (på rumensk). Henta 20. februar 2022. 
  5. «Zdob şi Zdub return with Fraţii Advahov to represent Moldova 🇲🇩». Eurovision.tv (på engelsk). 29. januar 2022. Henta 20. februar 2022. 
  6. «Zdob şi Zdub & Advahov Brothers - Moldova - Turin 2022». Eurovision.tv (på engelsk). Henta 19. mai 2022.