Trenulețul
«Trenulețul» Song av Zdob și Zdub og Frații Advahov | ||
Land | Moldova | |
Språk | Rumensk og engelsk | |
Utgjeve | 10. desember 2021 | |
Sjanger | Folk[1] | |
Lengd | 03:00 | |
Selskap | MediaPro Music | |
Låtskrivar(ar) | Zdob și Zdub, Frații Advahov |
---|
«Trenulețul» (rumensk uttale [trenuˈletsul], norsk omsetjing 'det litle toget') er ein song med det moldovske folk-punkbandet Zdob și Zdub og folkemusikk-duoen Frații Advahov. Songen var det moldovske bidraget til Eurovision Song Contest 2022, der han enda på ein sjuandeplass.
Om songen
endre«Trenulețul» – det litle toget – handlar om ein energisk og glad togtur mellom hovudstadane i Moldova og Romania: Chișinău og București. Ifølgje bandet kom musikkvideoen til songen ut same dag som attopninga av togruta mellom dei to byane.[2]
«Trenulețul» var det moldovske bidraget i Eurovision Song Contest 2022, etter at den moldovske ålmennkringkastaren Teleradio-Moldova valde låten gjennom ei tv-sendt auditionrunde 29. januar 2022.[3][4] Uttakinga vart halden i TRM Studio 2 i Chișinău, og ein ekspertjury kåra «Trenulețul» til vinnar. Blant kriteria juryen dømte etter, var stemmekvalitet og styrken i musikkomposisjonen.[5] Juryen bestod av Geta Burlacu (songar, representerte Moldova i 2008), Vali Boghean (songar og låtskrivar), Cristina Scarlat (songar, representerte Moldova i 2014), Victoria Cușnir (journalist) og Aliona Moon (songar, representerte Moldova i 2013).[6]
Eurovision Song Contest
endreDen 66. utgåva av Eurovision Song Contest vart arrangert i Torino I Italia, og bestod av to semifinalar 10. og 12. mai, i tillegg til finalen laurdag 14. mai 2022. Moldova var trekt til å delta i den fyrste semifinalen tysdag 10. mai.[7] Der kvalifiserte dei seg til finalen, der dei enda på ein sjuandeplass. Låten vart nummer to i telefonavrøystinga.[8]
Listeplasseringar
endreListe (2022) | Høgaste plassering |
---|---|
Island (Plötutíðindi)[9] | 21 |
Litauen (AGATA)[10] | 14 |
Nederland (Single Top 100)[11] | 8 |
Sverige Heatseeker (Sverigetopplistan)[12] | 9 |
Storbritannia (OCC)[13] | 48 |
Kjelder
endre- ↑ Veen, Renske Ten (29. januar 2022). «Zdob și Zdub & Frații Advahov will represent Moldova at Eurovision 2022». Wiwibloggs. Henta 6. februar 2022.
- ↑ «Song of the day: Zdob și Zdub & Frații Advahov - Trenulețul». Romania Insider (på engelsk). 17. januar 2022. Henta 7. mars 2022.
- ↑ Granger, Anthony (28. januar 2022). «🇲🇩 Moldova: TRM to Select Eurovision 2022 Representative Tomorrow». Eurovoix (på engelsk). Henta 7. mars 2022.
- ↑ «Cine va reprezenta Republica Moldova la Eurovision 2022 /VIDEO/». TRM (på rumensk). 29. januar 2022. Henta 7. mars 2022.
- ↑ «🇲🇩 Moldova: TRM Reveals Format of Eurovision "Audieri LIVE"». Eurovoix (på engelsk). 27. januar 2022. Henta 7. mars 2022.
- ↑ «Zdob şi Zdub return with Fraţii Advahov to represent Moldova 🇲🇩». Eurovision.tv (på engelsk). 29. januar 2022. Henta 7. mars 2022.
- ↑ «First Semi-Final of Turin 2022». Eurovision.tv (på engelsk). Henta 7. mars 2022.
- ↑ «Zdob şi Zdub & Advahov Brothers - Moldova - Turin 2022». Eurovision.tv (på engelsk). Henta 19. mai 2022.
- ↑ «Tónlistinn – Lög» [The Music – Songs] (på islandsk). Plötutíðindi. Arkivert frå originalen 25. mai 2022. Henta 23. september 2022.
- ↑ «2022 20-os savaitės klausomiausi (Top 100)» (på litauisk). AGATA. 20. mai 2022. Henta 20. mai 2022.
- ↑ «Dutch Single Tip 21/05/2022». dutchcharts.nl (på nederlandsk). Henta 20. mai 2022.
- ↑ «Veckolista Heatseeker, vecka 20». Sverigetopplistan. Henta 20. mai 2022.
- ↑ «Official Singles Downloads Chart Top 100». Official Charts Company. Henta 21. mai 2022.
- Denne artikkelen bygger på «Trenulețul» frå Wikipedia på bokmål, den 7. desember 2022.