Zdob și Zdub
Zdob și Zdub (direkte omsett 'zdob og zdob', ljodord for ljoden av trommeslag) er eit moldovsk folkpunk-band med base i Chișinău. Bandet representerte Moldova i Eurovision Song Contest 2005 i Kyiv i Ukraina, der det enda på sjetteplass. Det representerte landet på nytt i Eurovision Song Contest 2011 i Düsseldorf i Tyskland, der dei kom på tolvteplass. I 2022 representerte det Moldova for tredje gong, og vart nummer sju med låten «Trenulețul» i Torino i Italia. Bandet har ein stor lokal fanbase, som ofte omtalar bandet som ZSZ.
Zdob și Zdub | |||
| |||
Aktiv | 1994– | ||
---|---|---|---|
Sjanger | folkrock |
Bakgrunn
endreZdob și Zdub vart skipa i 1994, da Roman Jagupov, Mihai Gincu og den fyrste trommeslagaren i bandet, Anatol Pugach, møtte kvarandre på ein skule i ein forstad til Chișinău. Da dei fortsette på universitetet, møtte dei resten av bandmedlemmane. Spesielt for bandet var at medlemmane ikkje hadde faste roller, men kunne bytte instrument frå konsert til konsert.[1][2]
Våren 1994 traff Jagupov den kommande produsenten til bandet, Igor Dinga, som då song i bandet Cuibul. I november same år spela Zdob și Zdub inn sin fyrste demo, og ein av låtane, «The Lost World», fekk delta i Learn to Swim 1-festivalen i Moskva. To år seinare fekk dei vere med i Learn to swim 2, då som oppvarmingsband til Rage Against the Machine. Frå festivalen spela bandet inn to låtar: «V dome mojom» ('I mitt hus') med russisk tekst, og «Hardcore Moldovenesc» på rumensk.[1]
Utover i 1990- og 2000-åra fortsatte Zdob și Zdub å turnere i Moldova, Romania, Ukraina og Russland. I august 1999 var dei oppvarmarar for Red Hot Chili Peppers då dei spela i Moskva. I 2001 slapp bandet sitt tredje album, Agroromantica. Albumet er ei blanding av folkemusikk, romsk musikk og hardcore punk.[1]
Eurovision Song Contest
endreZdob și Zdub har delteke i Eurovision Song Contest tre gongar. Samtlege gongar har dei representert heimlandet Moldova. I februar 2005 vann bandet den nasjonale uttakinga til Eurovision Song Contest 2005 med låten «Boonika Bate Toba» ('bestemor slår på tromma'). Dette var den fyrste gongen Moldova deltok i Eurovision Song Contest, og bandet vart nummer to i semifinalen 19. mai. I finalen 21. mai enda dei til slutt på en sjetteplass med 148 poeng.[3]
I februar 2011 vann Zdob și Zdub nok ein gong den nasjonale uttakinga og fekk representere Moldova i Eurovision Song Contest 2011 i tyske Düsseldorf. Der deltok dei med låten «So Lucky», som til slutt enda på ein tolvteplass i finalen 14. mai.[4] I etterkant av finalen gjekk bandet inn på ein 153. plass på den britiske offisielle nedlasting-hitlista til UK Singles Chart. Dette er fyrste og einaste gong bandet har nådd den britiske offisielle hitlista.[5]
I slutten av januar 2022 kunngjorde den moldovske ålmennkringkastaren Teleradio-Moldova at den avlyste den nasjonale finalen på grunn av ei stor covid-19-bølgje i Moldova. I staden valde kringkastaren Zdob și Zdub til å representere landet i Eurovision Song Contest 2022 med låten «Trenulețul» ('det litle toget').[4] Bandet deltok saman med dei moldovske musikarane Frații Advahov.[6] I Eurovision Song Contest enda det på sjuandeplass etter å ha vorte nummer to i telefonavrøystinga.[7]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 «Zdob şi Zdub biography». Last.fm (på engelsk). Henta 30. januar 2022.
- ↑ «Zdob și Zdub». Discogs (på engelsk). Henta 30. januar 2022.
- ↑ «Zdob si Zdub - Moldova - Kyiv 2005». Eurovision.tv (på engelsk). Henta 30. januar 2022.
- ↑ 4,0 4,1 «Zdob şi Zdub return with Fraţii Advahov to represent Moldova 🇲🇩». Eurovision.tv (på engelsk). 29. januar 2022. Henta 30. januar 2022.
- ↑ «So Lucky (song by Zdob Si Zdub) ••• Music VF, US & UK hits charts». www.musicvf.com. Henta 30. januar 2022.
- ↑ Farren, Neil (29. januar 2022). «🇲🇩 Moldova: Zdob și Zdub & Frații Advahov to Eurovision 2022». Eurovoix (på engelsk). Henta 30. januar 2022.
- ↑ «Zdob şi Zdub & Advahov Brothers - Moldova - Turin 2022». Eurovision.tv (på engelsk). Henta 19. mai 2022.
- Denne artikkelen bygger på «Zdob și Zdub» frå Wikipedia på bokmål, den 7. desember 2022.