Framlokking av informasjon
Framlokking av informasjon (engelsk elicitation, av latín elicitus, elicere som tyder å indusere, fange, sette opp felle for eller å forårsake) er ein teknikken utvikla for bruk i etterretning, og særleg HUMINT, og viser til strategisk bruk av samtale for å få fram informasjon frå folk utan at dei får ei kjensle av å verta utspurde.
Som oftast er framlokkinga openbar og lett å oppdage for personen som vert utspurt (kjelda). I samanheng med etterretning kan likevel framlokkinga vere planlagt i god tid, inkludere oppdikta historier, rykte og fleire involverte agentar og andre hjelparar og ko-inspiratorar. Normalt er den fyrste tilnærminga basert på felles interesser og flattering (skryt) av kjelda. Seinare vert utspørjinga meir spissa for å nærma seg sjølve informasjonsbehovet.