Framnesfjella er ei fjellkjede i Antarktis som består av Casey Range, Masson Range, David Range og Mekammen (Brown Range) og nærliggande fjell og toppar. Dei tre store fjellkjedene og mindre fjell i området vart oppdaga og namngjeve i februar 1931 av British Australian New Zealand Antarctic Research Expedition under Douglas Mawson. Kysten vart òg observert av norske kvalfangarar same året. Heile området vart kartlagd i detalj av norske kartografar frå flyfoto tekne under Lars Christensen-ekspedisjonen i januar 1937. Namnet på fjellområdet vart gjeve av Lars Christensen etter Framnesfjellet, ein ås nær Sandefjord i Noreg.[1]

Framnesfjella
fjellkjede
Land  Antarktis
Stad Mac. Robertson Land
 - koordinatar 67°50′S 62°35′E / 67.833°S 62.583°E / -67.833; 62.583
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Framnesfjella
67°50′00″S 62°35′00″E / 67.833333333333°S 62.583333333333°E / -67.833333333333; 62.583333333333
Framnesfjella is located in Antarktis
Framnesfjella (Antarktis)

Kjelder

endre
  1. «Framnes Mountains». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 22. oktober 2012. 

Bakgrunnsstoff

endre

  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Framnesfjella» (innhald frå Geographic Names Information System).