Frampton Comes Alive!

Frampton Comes Alive!
Konsertalbum av Peter Frampton
Utgjeve 6. januar 1976(USA)
13. februar 1976(Storbritannia)
Innspelt Marin County Civic Center i San Rafael i California, 16. juni 1975
Winterland Ballroom i San Francisco, 17. juni 1975
Long Island Arena i Commack i New York, 24. august 1975
SUNY Plattsburgh i Plattsburgh, NY, 22. november 1975
Sjanger Rock
Lengd 1:18:06
Selskap A&M
Produsent Peter Frampton
Peter Frampton-kronologi
Frampton
(1975)
Frampton Comes Alive! I'm in You
(1977)


Frampton Comes Alive! er eit dobbelt konsertalbum av den engelske rockemusikaren Peter Frampton, gjeve ut i 1976. Det er eit av dei bestseljande konsertalbuma i USA. «Show Me the Way», «Baby, I Love Your Way» og «Do You Feel Like We Do» vart gjevne ut som singlar. Etter fire soloalbum med lite kommersiell suksess, slo Frampton igjennom med dette konsertalbumet.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svglink
Robert ChristgauB− link

Albumet kom ut 6. januar 1976 og nådde etter kvart toppen av Billboard 200 i USA i veka som slutta 10. april 1976, og låg totalt på toppen i ti veker. Det vart det bestseljande albumet i 1976 i USA med over åtte millionar selde eksemplar[1] og vart eit av dei bestseljande konsertalbuma gjennom tidene, med kring 11 millionar selde eksemplar verda over.[2]

Frampton Comes Alive! vart stemt fram som «Årets album» av lesarane til Rolling Stone i 1976. Det låg 97 veker inne på lista og låg framleis på 14. plassen på årslista til Billboard for heile 1977. Det vart rangert på 41. plassen av Rolling Stone på lista deira over dei beste konsertalbuma gjennom tidene.[3]

Bakgrunn og innspelingEndra

Albumet vart spelt inn sommaren og hausten 1975, hovudsakleg i Winterland i San Francisco og Long Island Arena i Commack i New York, i tillegg til songar frå konsertane i SUNY Plattsburgh i Plattsburgh i New York. Winterland-songane vart spelte inn med 24-sporsopptakar. Dei andre vart spelte inn med 16-sporsopptakar.[4]

Konsertalbumet var meint å kome ut på ein enkel LP, men etter forslag frå A&M Records vart det spelt inn nok songar til eit dobbeltalbum.

UtgjevingEndra

Det doble albumet kom ut i USA med redusert pris, 7,98 dollar, som berre var éin dollar over det ei enkelplate kosta i 1976.

Det vart gjeve ut tre hitsinglar frå albumet: «Baby, I Love Your Way», «Do You Feel Like We Do» og «Show Me the Way». Talk box-effekten vart kraftig assosiert med Frampton då han vart nytta på dei to sistnemnde singlane.

I januar 2001 kom det ut ei 25-årsjubileumsutgåve av albumet med fire ekstraspor som ikkje var med på originalutgåva.

InnhaldEndra

Alle songar skrivne av Peter Frampton, utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Introduction/Something's Happening»5:54
2.«Doobie Wah» (Frampton, John Headley-Down, Rick Wills)5:28
3.«Show Me the Way»4:42
4.«It's a Plain Shame»4:21
Side to
Nr.TittelLengd
5.«All I Want to Be (Is by Your Side)»3:27
6.«Wind of Change»2:47
7.«Baby, I Love Your Way»4:43
8.«I Wanna Go to the Sun»7:02
Side tre
Nr.TittelLengd
9.«Penny for Your Thoughts»1:23
10.«(I'll Give You) Money»5:39
11.«Shine On»3:35
12.«Jumpin' Jack Flash» (Mick Jagger, Keith Richards)7:45
Side fire
Nr.TittelLengd
13.«Lines on My Face»7:06
14.«Do You Feel Like We Do» (Frampton, Mick Gallagher, John Siomos, Rick Wills)14:15

25th-årsjubileumsutgåvaEndra

Plate 1
Nr.TittelLengd
1.«Introduction/Something's Happening»5:56
2.«Doobie Wah» (Frampton, Rick Wills, John Headley-Down)5:43
3.«Lines on My Face»6:59
4.«Show Me the Way»4:32
5.«It's a Plain Shame»4:03
6.«Wind of Change»2:57
7.«Just the Time of Year» (Berre på 25-årsjubileumsutgåva)4:21
8.«Penny for Your Thoughts»1:34
9.«All I Want to Be (Is By Your Side)»3:08
10.«Baby, I Love Your Way»4:41
11.«I Want to Go to the Sun»7:15
Plate 2
Nr.TittelLengd
1.«Nowhere's Too Far (For My Baby)» (Berre på 25-årsjubileumsutgåva)4:49
2.«(I'll Give You) Money»5:46
3.«Do You Feel Like We Do (Frampton, Mick Gallagher, John Siomos, Wills)»13:46
4.«Shine On»3:29
5.«White Sugar» (Berre på 25-årsjubileumsutgåva)4:43
6.«Jumpin' Jack Flash (Mick Jagger, Keith Richards7:40
7.«Day's Dawning/Closing» (Berre på 25-årsjubileumsutgåva)3:34

MedverkandeEndra

SalslisterEndra

AlbumEndra

År Liste Plassering
1976 US Billboard 200 1
Kanadiske RPM 100 1
UK Album chart 6

SinglarEndra

År Singel Liste Plassering
1976 «Baby, I Love Your Way» US Pop Singles 12
UK Pop Singles 43
«Do You Feel Like We Do» US Pop Singles 10
UK Pop Singles 39
«Show Me the Way» US Pop Singles 6
UK Pop Singles 10

SalstroféEndra

Region Salstrofé Salstal
Canada (Music Canada)[5] Gull 50 000^
Storbritannia (BPI)[6] Gull 100 000^
USA (RIAA)[7] 8× Platina 8 000 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine

KjelderEndra

  1. «Gold & Platinum - RIAA». RIAA. RIAA. Henta 8. juni 2018. 
  2. Samuel, Lawrence R. (1. juli 2009). Rich: The Rise and Fall of American Wealth Culture. American Management Association. s. 176. Henta 8. juni 2018. 
  3. «50 Greatest Live Albums». rollingstone.com. 
  4. Frampton Comes Alive In 5.1 – Mixonline.com
  5. «Canadian album salstrofé – Peter Frampton – Frampton Comes Alive». Music Canada. 
  6. «British album salstrofé – PETER FRAMPTON – FRAMPTON COMES ALIVE». British Phonographic Industry.  Enter FRAMPTON COMES ALIVE in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  7. «American album salstrofé – FRAMPTON, PETER – FRAMPTON COMES ALIVE!». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH