Francesco Zuccarelli
Francesco Zuccarelli (15. august 1702–30. desember 1788) var ein italiensk målar, særleg kjend for sine landskapsmåleri med antikk bakgrunn. Stilmessig høyrer verka hans til rokokkoen.
Francesco Zuccarelli | |
Statsborgarskap | Storhertugdømet Toscana |
Fødd | 15. august 1702 Venezia, Pitigliano |
Død |
30. desember 1788, 30. oktober 1788 (86 år) |
Yrke | kunstmålar, grafikar, teiknar |
Sjanger | landskapsmåleri |
Medlem av | Royal Academy of Arts, Accademia delle Arti del Disegno |
Francesco Zuccarelli på Commons |
Liv og gjerning
endreZuccarelli var fødd i Pitigliano, ein landsby i Toscana. Han var elev av portrettmålaren Giovanni Morandi og deretter Pietro Nelli i Roma. I 1732 slo han seg ned i Venezia, der han for det meste måla religiøse og mytologiske motiv, men etter kvart byrja lage bilete med landskap. Han tok oppdrag fleire stader i Italia, og samarbeidde ofte med andre målar, mellom andre med Bernardo Bellotto. Frå 1747 til -52 arbeidde han for den rike Tassi-familien i Venezia.
Oppfordra av den britiske konsulen i Venezia, reiste Zuccarelli i 1752 til England. Produksjonen hans var heile tida etterspurd, så han vart verande i London til 1762. Etter tre år i Italia tok han på ny opphald i London, der samfunnseliten tok han vel imot og han vart invitert til ymse kunstforeiningar. I 1768 var Zuccarelli mellom dei målarane som frå starten av fekk medlemskap i Royal Academy of Arts. Gjennom sine mange år i England påverka Zuccarelli utviklinga av engelsk landskapsmåling.
År 1771 reiste han tilbake til Venezia, han arbeidde også ei tid i Roma. Landskapsmålaren Zuccarelli hadde ei ei høg stjerne mellom dei som var inspirert av Jean-Jacques Rousseau sine tankar om naturen og naturtilstanden.
Han døydde i Firenze, 86 år gammal.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Francesco Zuccarelli» frå Wikipedia på engelsk, den 17. oktober 2013.