Opna hovudmenyen

Francis Bacon (22. januar 15619. april 1626) var ein britisk statsmann, jurist, tenkjar og forfattar.

Francis Bacon
Somer Francis Bacon.jpg
Fødd 22. januar 1561 (juliansk)
York House, Strand
Død

9. april 1626 (juliansk)
Highgate

Yrke filosof, skribent, dommar, politikar, advokat, astrolog
Far Nicholas Bacon
Mor Anne Bacon
Ektefelle Alice Barnham
Francis Bacon på Commons
Måleri av Sir Francis Bacon frå rundt 1610 av Paul van Somer.

Bacon tente som kronjurist og rikskanslar i England. Den politiske karrieren hans fekk ein brå slutt i 1621, som følgje av skuldingar om korrupsjon. Bacon blei slått til riddar i 1603, fekk tittelen baron Verulam i 1618, og viskomt St Alban i 1621. Han døydde utan etterkomarar, og desse blei dermed ikkje vidareførte.

I ettertida er Francis Bacon særleg kjend for å ha lagt fram for tankane sine rundt vitskap og filosofi. Han la særleg fram grunnlag for å utvikla filosofi, og ein forløpar for den moderne vitskaplege metoden som skulle erstatta den aristoteliske metoden. Bacon var opphavsmannen til utsegna «kunnskap er makt» i Meditationes Sacrae frå 1597.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Francis Bacon