Francis-Marie Martinez Picabia (28. januar 187930. november 1953) var ein målar og poet med fransk mor og ein spansk-kubansk far knytte til Cubas diplomatiske representasjon i Paris. Viktigaste verka hans vert knytte til dadaismen.

Francis Picabia

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 22. januar 1879
Paris
Død

30. november 1953 (74 år)
Paris

Yrke kunstmålar, skribent, manusforfattar, lyrikar, teiknar, bilethoggar
Språk fransk
Ektefelle Gabrièle Buffet-Picabia
Nettstad https://www.picabia.com/
Francis Picabia på Commons
Francis Picabia i atelieret, 1910-15

Liv og gjerning endre

Picabia var fødd i Paris og studerte i heimbyen kunst både på 'École des Beaux-Arts' og kunsthandverksskulen 'École des Arts Decoratifs'. Perioden 1903 til 1908 var han mykje påverka av verk av den impresjonistiske målaren Alfred Sisley. Deretter vende han seg mot kubismen.

Rundt 1911 engasjerte Picabia seg i kunstnargruppa Section d'Or. I gruppa vart han venn med Marcel Duchamp og kjend med Guillaume Apollinaire, Albert Gleizes, Roger de La Fresnaye, Fernand Léger og Jean Metzinger. Picabia deltok i 1913 med mange mange verk på ei stor kunstutstilling i New York. Merksemda han fekk, gjorde at han mellom 1913 og 1915 fleire gongar tok turen til New York, der han var aktiv i kunstlivet og introduserte modernistiske stilar og tankar for målarar og publikum i USA.

I 1916 heldt Picabia til i Barcelona, der han gav ut sitt første nummer av eit dada-tidsskrift, kalla 391. Det var i denne perioden han laga sine såkalla portraits mécaniques, bilete som synte fram mekaniske former. Verka kunne minne om plansjar lag av ein ingeniør, som tannhjul mot einsfarga bakgrunn; til dømes i verket Machine turn quickly (1916-18). Året etter fór han atter til USA, der han saman med Marcel Duchamp og Man Ray danna ein dada-krins. Nokre år seinare fekk Picabia meir sans for surrealismen. Frå 1925 gjekk Picabia tilbake til figurativ måling.

Tidleg i 1940-åra flytta han til Sør-Frankrike. Han overraska med å gje ut ein serie erotisk prega nakenbilete, basert på fotografi i eit såkalla mannfolkblad. Stilen var langt frå den akademiske og tradisjonelle måten å lage akt på. Han reiste tilbake til Paris før andre verdskrigen var over, måla abstrakt og skreiv poesi.

74 år gammal døydde han i fødebyen Paris.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre