Francisco Gento

spansk fotballspelar

Francisco Gento López (21. oktober 193318. januar 2022) var ein spansk fotballspelar frå ein landsby i El Astillero i Cantabria-provinsen. Han var i tida 1956-66 med om å vinne europacupen seks gongar for Real Madrid. Angrepsspelaren Gento utmerkte seg særleg gjennom si store fart og kvikke, tekniske handsaming av ballen.

Francisco Gento


Statsborgarskap Spania
Fødd 21. oktober 1933
Guarnizo
Død

18. januar 2022 (88 år)
Madrid

Idrett fotball
Tok del i

VM i fotball 1966, VM i fotball 1962

Utmerkingar

storkors av Ordenen for sportsfortjenester

Francisco Gento i 1967.

Klubbspel endre

Venstrevengen Gento spelte på Racing Santander i 1952/53-sesongen. Sommaren 1953 gjekk han over til Real Madrid, der han gjorde teneste i 18 år. Unnateke den siste sesongen, vann han minst eitt trofe kvar einaste sesong med laget frå den spanske hovudstaden. Perioden 1956-60 syrgde han for, saman med, mellom andre, legendariske spelar som Alfredo di Stéfano og Ferenc Puskás at Real Madrid vann samtlege fem fyrste finalar i europacupen. Sidan var Gento med å tape to europacupfinalar, før han i 1966 vart europacupvinnar for sjette gong. Han vann elles 12 spanske seriemeisterskap og to nasjonale cup-pokalar. I sin avskjedskamp, omkampen i finalen i Cupvinnarcupen 1971, tapte Real Madrid og Gento mot Chelsea FC. Gento spelte i alt 428 seriekampar for Real Madrid og skåra 126 mål.

Landslagsspel endre

Gento spelte 43 landskampar for Spania i åra 1955-63 og 1966-69. Han deltok i Fotball-VM 1962 og 1966, i begge meisterskapane rauk Spania ut etter gruppespelet. Gento var lagkaptein i 15 kampar og skåra 5 landslagsmål.

Merittar endre

  • Vinnar av europacupen: 1956, 1957, 1958, 1959, 1960 og 1966 med Real Madrid
  • Spansk seriemeister: 1954, 1955, 1957, 1958, 1961, 1962, 1963, 1964, 1965, 1967, 1968, 1969 med Real Madrid
  • Spansk cupmeister: 1962, 1970 med Real Madrid

Kjelder endre