Francisco Goya

(Omdirigert frå Francisco de Goya)

Francisco José de Goya y Lucientes (30. mars 174616. april 1828) var ein spansk kunstmålar og grafikar. Han var knytt til hoffet i Madrid, og arbeida for kongane Karl IV og Ferdinand VII. Han er kalla far til den moderne kunsten.

Francisco Goya

Statsborgarskap Spania
Fødd 30. mars 1746
Fuendetodos
Død

16. april 1828 (82 år)
Bordeaux

Yrke kunstmålar, grafikar, litograf, raderer, grafikar, teiknar, biletkunstnar
Språk spansk
Medlem av Real Academia de Nobles y Bellas Artes de San Luis
Far José Benito de Goya y Franque
Mor Gracia de Lucientes y Salvador
Ektefelle Josefa Bayeu
Francisco Goya på Commons
Francisco de Goya (1746-1828), sjølvportrett 1815.

Goya var ein evnerik portrettmålar i tradisjonen frå Velázquez og Rembrandt, og han hadde stor påverknad på seinare kunstnarar som Édouard Manet. Goyas arbeid er prega av ein personleg stil og eit sterk sosialt samvit. Han produserte historiske og samfunnsdokumentariske komposisjonar, og karikaturar av kvardagsliv og eventyrscener. Mellom hans sterkaste og mest kjende arbeid er ein serie bilete som framstiller krigens gru og lidingar.

Goya vart gradvis døv frå 1792. Mot slutten av livet levde han eit inneslutta og produserte skremmande og gåtefulle bilete av galskap og livets skuggesider. Hans måleri frå denne perioden vert kalla Pinturas negras og enkelte menar at dette er eit varsel om den seinare ekspresjonistiske kunsten.

Goya levde sine siste år i sjølvpålagt politisk eksil i Bordeaux i Frankrike.

Berømte måleri

endre

Bakgrunnsstoff

endre