Frank Strandli

norsk fotballspelar

Frank Strandli (fødd 16. mai 1972) er ein norsk tidlegare fotballspelar frå Kristiansand. Han var angrepsspelar for mellom andre IK Start, SK Brann og Lillestrøm SK. Elles aktiv i England, Hellas og Danmark. Perioden 1992–99 aksla han den norske landslagstrøya 24 gongar.

Frank Strandli
Statsborgarskap Noreg
Fødd 16. mai 1972 (50 år)
Kristiansand
Idrett fotball

KarriereEndra

KlubbspelEndra

Strandli debuterte for Start i 1989. I januar 1993 vart han overført til Leeds United. Etter eit mislukka opphald i England var han frå våren 1994 Brann-spelar. To år seinare byrja han spele for Lillestrøm SK. Hausten 1997 skreiv han kontrakt med Panathinaikos, samstundes byrja Erik Mykland å spele for den greske klubben. Våren 1999 vart Strandli Aalborg-spelar, saman med Ståle Solbakken vart han seriemeister med klubben i juni 1999. Strandli vart alvorleg skadd, men kom kortvarig tilbake i 2001 før han måtte legge opp.

LandslagsspelEndra

Strandli deltok i 24 av Noregs landskampar i tida frå 7. januar 1992 til 22. januar 1999. I 1996 og 97 kom han, som den einaste, på bana i samtlege 8 kvalifiseringskampane til VM i fotball 1998. 25. februar 1998 skåra han sitt tredje og siste landskampmål då Noreg og Frankrike spelte uavgjort 3–3 i Marseille. Strandli kom likevel ikkje med i troppa til verdsmeisterskapen.

MerittarEndra

  • Dansk seriemeister: 1999 for Aalborg BK
  • Tapande cupfinalist: 1995 for SK Brann

KjelderEndra