Ståle Solbakken

norsk fotballspelar

Ståle Solbakken (fødd 27. februar 1968 i Kongsvinger) er ein norsk fotballtrenar og tidlegare -spelar frå Grue i Hedmark. Han er best kjend som midtbanespelar og trenar på Hamarkameratene, midtbanespelar på Lillestrøm SK og trenar i FC København. Solbakken spelte 57 landskampar for Noreg i tida 1994-2000.

Ståle Solbakken

Statsborgarskap Noreg
Fødd 27. februar 1968 (56 år)
Kongsvinger kommune
Yrke fotballspelar, fotballtrenar
Språk norsk
Høgd 190 centimeter
Ståle Solbakken på Commons

Spelar endre

Solbakken spelte på Grue Idrettslag til 1988. Året etter melde han seg til teneste for andredivisjonslaget Hamarkameratene, ein klubb som i 1991 rykte opp til eliteserien. Etter fem sesongar på Hamar vart Solbakken overført til Lillestrøm. Her markerte han seg som ein av dei aller beste og mest målfarlege midtbanespelarane i Noreg, og fekk sin landslagsdebut våren 1994.

Hausten 1997 gjekk ferda til eit mislukka mellomspel i engelske Wimbledon FC. Vinteren 1998 vart Solbakken overført til danske Aalborg, der han hadde suksess og vann seriegull i 1999. Hausten 2000 melde Solbakken overgang til FC København. Under trening den 13. mars 2001 gjekk han gjennom ein sju minuttar lang hjartestans. Etter dette fekk Solbakken operert inn hjartestartar, og slutta som aktiv spelar.

Solbakken debuterte for Noreg mot Wales 9. mars 1994. Utover andre halvdel av 1990-talet spelte han i dei fleste viktige landskampane, mellom anna var han med i fotball-VM 1998 i Frankrike og i fotball-EM 2000 i Nederland. Totalt spela han 57 landskampar og skåra ni landslagsmål frå sin midtbaneposisjon.

 
Solbakken i 2014

Trenar endre

Året etter at han la bort fotballskoa, fekk Solbakken jobben som trenar og sportssjef i Hamarkameratene. Han førte laget til siger i 1. divisjon og opprykk til eliteserien. Hausten 2005 berga Hamkam plassen i eliteserien, og Solbakken slutta etter jobbtilbod frå FC København.

Solbakken tok over som hovudtrenar i FC København under vinterpausen 2006. Før trenarskiftet låg klubben allerie på toppen av tabellen, og Solbaken sikra at den vart der verande ut sesongen. I august 2006 leia han FC København til spel i Meisterligaen, etter at laget slo ut Ajax Amsterdam i kvalifiseringa. Solbakken og FC København vart så seriemeistrar 2008/09, 2009/10 og 2010/11.

Sommaren 2011 vart Solbakken tilsett som trenar i den tyske bundesliga-klubben FC Köln. På tampen av sesongen, våren 2012 fekk han sparken. Köln låg då tredje sist, men enda på nestsisteplassen og rykte dermed rett ned i 2. bundesliga. I juli 2012 tok han over trenarjobben i den engelske nivå-to-klubben Wolverhampton. Laget lukkast ikkje, så på nyåret 2013 vart han sagt opp.

Sidan august 2013 har Solbakkken leia FC København på ny.

Merittar endre

Spelar endre

  • Dansk seriemeister: 1999 med Aalborg
  • Dansk seriemeister: 2001 med FC København

Trenar endre

  • Dansk seriemeister: 2006, 2007, 2009, 2010 og 2011 med FC København
  • Dansk cupmeister: 2009 med FC København

Kjelder endre