Frans Äimä (fødd 27. august 1875 i Kalajoki, død 14. mai 1936 i Helsingfors) var ein finsk fonetikar og språkforskar, som er mest kjend for arbeida sine om enaresamisk.

Frans Äimä

Fødd27. august 1875
Kalajoki
Død14. mai 1936
Helsingfors
NasjonalitetFinland
Områdefonetikk, språkvitskap
Yrkelingvist
InstitusjonarHelsingfors universitet
Alma materHelsingfors universitet

Äimä doktorerte i 1914 med avhandlinga Phoenetik und lautlehre des Inarilappischen, og vart same året dosent i finsk samisk og samisk lydlære ved Helsingfors universitet.

Äimä var ein føregangsmann for innføringa av eksperimentell fonetikk i Finland. Som språkforskar var han elev av E. N. Setälä, og det språkhistoriske arbeidet hans er prega av Setälä sine teoriar, og dermed ikkje lese i dag. Arbeidet hans med enaresamisk har derimot hatt varig verdi. Eit opphald på seks månader i Enare i 1900-1901, og seinare kortare reiser i 1926, 1929 og 1931 resulterte i ei ordsamling på rundt 10000 ord, som utgjorde stammen i det som skulle bli Erkki Itkonen og Lea Laitinen si Inarilappisches Wörterbuch.