Fred Lawrence Whipple Observatory
Fred Lawrence Whipple Observatory, fram til til 1982 kalla Mount Hopkins Observatory, er eit astronomisk observatorium på Mount Hopkins (2382 moh.) nær Tucson i Arizona i USA. Det er den største feltstasjonen til Smithsonian Astrophysical Observatory og hovudinstrumentet er det 4,5 meter store Multiple Mirror Telescope.
Det vert forska på bilete og spektroskopi av ekstragalaktiske objekt, stjerner og planetar, i tillegg til røntgenstråling og kosmisk stråling.
Kjelder
endre- «Fred Lawrence Whipple Observatory», Store norske leksikon, 14. februar 2009, henta 26. mai 2016
Bakgrunnsstoff
endre- Arizona.edu: Fred Lawrence Whipple Observatory Arkivert 2022-02-21 ved Wayback Machine.