Fred Astaire
Fred Astaire, fødd Frederick Austerlitz (10. mai 1899–22. juni 1987) var ein nordamerikansk filmskodespelar, scenedansar og songar.
Fred Astaire | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 10. mai 1899 Omaha |
Død |
22. juni 1987 (88 år) |
Yrke | filmskodespelar, koreograf, songar, dansar, filmprodusent, teaterskodespelar, stemmeskodespelar, programleiar, fjernsynsskodespelar, produsent, perkusjonist, skodespelar, ansvarlig produsent, TV-produsent |
Språk | engelsk |
Høgd | 177 centimeter |
Politisk parti | Det republikanske partiet |
Medlem av | American Theatre Hall of Fame |
Far | Fritz Austerlitz |
Mor | Ann Astaire |
Ektefelle | Phyllis Livingston Potter, Robyn Smith |
Fred Astaire på Commons |
I 1917 dansa han på Broadway i New York med søster si Adele som partnar. Dei to braut gjennom i 1918 og vart svært populære i både London og New York kor dei var med i musikalar som Lady Be Good (1924) og The Band Wagon (1931). Då søster Adele Astaire trekte seg tilbake frå dansen for å gifta seg i 1932, reiste Fred til Hollywood.
Fred Astaire debuterte som filmskodespelar i Dancing Lady (1933); her hadde han ei lita rolle som seg sjølv. I filmen Flying Down to Rio (1933) starta det svært så suksessfulle samarbeidet Astaire hadde med Ginger Rogers.
Dette var starten på eit mangeårig samarbeid; dei to spelte saman i mellom andre filmane Top Hat (1935), Swing Time (1936) og Shall We Dance (1937).