Opna hovudmenyen

Frederik Nicolai Jensen (21. juni 181828. november 1870), kjend som Frits Jensen, var ein norsk prest, kunstnar og stortingsmann. Han var bror til statsråd Christian Jensen.

Frederik Nicolai Jensen
Fødd 21. juni 1818
Bergen
Død

28. november 1870
Steigen

Yrke prest, kunstmålar, politikar
Frederik Nicolai Jensen på Commons
Ingeborg ved havet, 1845
Altartavla i Lofotkatedralen er måla av Frits Jensen

Jensen var son til ein kjøpmann i Bergen, og tok studenteksamen ved Bergen katedralskule i 1837. I 1840 var han cand.theol. Året etter reiste han til Kunstakademie Düsseldorf for å utdanne seg til målar. Han studerte der til 1845, til dels med offentleg stipend.

Då han kom heim frå Düsseldorf, prøvde han å leve som kunstnar i Bergen. Han stod bak etableringa av Det norske Theater i Bergen saman med Ole Bull, og var den fyrste instruktøren ved teateret. Ein periode var han også aktiv i Bergens Haandværkerforening.

I 1854 vart han sokneprest i Bø i Vesterålen, deretter hadde same embetet i Steigen til han døydde. Han representerte NordlandStortinget 1862-63, der han var medlem av kyrkjekomiteen.

Jensen målan i 1869/70 altartavla i Vågan kyrkje. Ho vart arkivert då kyrkja vart riva og erstatta av Lofotkatedralen i 1900, men hengt opp i 1948 etter kyrkjelyden sitt ynskje.

Altartavla er utgangspunkt for Herbjørg Wassmo sin roman Hundre år.

KjelderEndra

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
  • Bokmålswikipedia, den 23. august 2014