Fredrik I av Sverige
Fredrik I av Sverige, Fredrik av Hessen, (17. apriljul./ 27. april 1676greg. i Kassel– 25. marsjul./ 5. april 1751greg. i Stockholm[1]) var konge av Sverige frå 1720 til han døydde og greve av Hessen-Kassel.
Fredrik I | |||
Fredrik I måla av Georg Engelhardt Schröder | |||
Konge av Sverige | |||
Regjeringstid | 1720-1751 | ||
---|---|---|---|
Fødd | 17. apriljul./ 27. april 1676greg. | ||
Fødestad | Kassel | ||
Død | 25. marsjul./ 5. april 1751greg. (75 år) | ||
Dødsstad | Stockholm | ||
Gravstad | Riddarholmskyrkan | ||
Føregangar | Ulrika Eleonora av Sverige | ||
Etterfølgjar | Adolf Fredrik | ||
Gift med | Louise av Preussen Ulrika Eleonora av Sverige | ||
Gift med | Ulrika Eleonora av Sverige, Luise Dorothea av Preussen | ||
Dynasti | Huset Hessen-Kassel | ||
Motto | In Deo spes mea (I Gud mitt hopp) | ||
Far | Karl I av Hessen-Kassel | ||
Mor | Amalia av Kurland |
Fredrik vart fyrst gift med søskenbarnet Louise Dorotea Sofia, dotter av kong Fredrik I av Preussen og Elisabet Henriette av Hessen-Kassel. Dei fekk inga born. Ho døydde i 1705.[2]
Under den spanske arvefølgjekrigen kjempa han som general på Nederland si side. I 1710 starta han ekteskapforhandlingar med den svenske prinsessa Ulrika Eleonora og etter at ho og broren Karl XII hadde akseptert, gifta dei seg i 1715.[1]
Fredrik deltok i Den store nordiske krigen på felttoga mot Noreg i både 1716 og 1718 og blei utnemnd til svensk generalissimus. Etter at Karl XII var blitt drepen ved Fredriksten festning i 1718 og Ulrika Eleonora etterfølgde han som regjerande dronning, ville ho ha mannen til medregent, noko Riksdagen sa nei til. Til slutt abdiserte Ulrika Eleonora til fordel for ektefellen og Fredrik blei krona til konge i Stockholm 3. mai 1720.[1]
Fredrik og Ulrika Eleonora fekk inga born saman, men Fredrik hadde fleire born med elskarinna Hedvig Taube. Fredrik vart derfor den einaste hessiske kongen av Sverige, og då han døydde blei Adolf Fredrik, fyrstebiskop av Lübeck, vald til ny konge.[3]
Referansar
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 Fredrik I i Nordisk familjebok
- ↑ Lovisa Dorotea i Nordisk familjebok
- ↑ Adolf Fredrik i Nordisk familjebok