Fredrik Otto Lindeman

Fredrik Otto Lindeman (fødd 3. mars 1936) er ein norsk språkforskar. Han er professor emeritus i samanliknande språkforsking ved universitetet i Oslo.

Fredrik Otto Lindeman
Fødd3. mars 1936
Oslo
NasjonalitetNoreg
Yrkelingvist, forskar i indoeuropeiske studium
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi

Lindeman arbeidde innafor indoeuropeistikken. Han har gjeve opphav til Lindemans lov, ein lydlov som liknar Sievers lov.

Saman med Harald Bjorvand utgav han i 2000 den over 1100 sider store Våre arveord, den første etymologiske ordboka for norsk sidan Hjalmar Falk og Alf Torps Etymologisk ordbog over det danske og det norske sprog (1903–06). Boka kom ut i ei revidert og utvida utgåve i 2007. Lindeman har omsett Sagaen om Cú Chulainns sykeleie og Emers skinnsyke frå gammalirsk og Vardan og armenernes krig frå gammelarmensk for Thorleif Dahls kulturbibliotek.

Bibliografi (utval)Endra

  • Les origines Indo-Européennes de la "Verschärfung" Germanique (1964)
  • Einführung in die Laryngaltheorie (1970)
  • The triple representation of schwa in Greek and some related problems of Indo-European phonology (1982)
  • Våre arveord (2000)

OmsetjingarEndra

  • Sagaen om Cú Chulainns sykeleie og Emers skinnsyke (1985)
  • Vardan og armenernes krig (1992)

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra