Fredrik Skagen
Fredrik Skagen (fødd 30. desember 1936 i Trondheim, død 20. juni 2017)[1]var ein norsk forfattar. Han er tidlegare bibliotekar og universitetsbibliotekar ved NTH. Skagen debuterte som forfattar i 1968. Han er ein av dei mest produktive, mest omsette og mest prisbelønna kriminalforfattarar i Noreg.
Fredrik Skagen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 30. desember 1936 Trondheim |
Død | |
Yrke | skribent, manusforfattar, barnebokforfattar, bibliotekar |
Språk | norsk |
Fredrik Skagen på Commons |
Skagen skapte i 1987 tildels sterk debatt med boka Purpurhjertene, som gav seg ut for å vera ei dokumentarisk attforteljing av ein nordmann sine opplevingar som amerikansk soldat i Vietnam. Boka vann forlaget Cappelen si tevling om beste dokumentarroman, men vart «omdefinert» til roman då det vart klårt at forfatteren var gjort til offer for ein svindel.
Mange av Skagens bøker inneheld referansar til eit felles univers rundt Trondheim politikammer som han deler med forfattarane Kim Småge, Idar Lind og Anne Birkefeldt Ragde.
Utgjevingar
endre- Jakten etter Auriga – Roman (1968)
- Jeg vet en deilig have – Roman (1970)
- Papirkrigen – Roman(1973)
- Ulvene – Kriminalroman (1978)
- Forræderen – Kriminalroman (1979)
- Alt står bra til med nordmennene – Noveller (1980)
- Kortslutning – Kriminalroman (1980)
- Viktor! Viktor! – Kriminalroman (1982)
- Fritt fall – Kriminalroman (1983)
- Tigertimen – Kriminalroman (1984)
- Voldtatt – Roman (1985)
- Døden i Capelulo – Kriminalroman (1986)
- Purpurhjertene – Roman (1987)
- Menneskejegeren – Kriminalroman (1988)
- Alte Kameraden – Kriminalroman (1990)
- Pelle Maradona – Barnebok (1990)
- Landskap med kulehull – Kriminalroman (1991)
- Å drepe en sangfugl – Noveller (1992)
- Otto og røverne – Barnebok (1992)
- Nemesis – Kriminalroman (1993)
- Når sant skal sies – Ordbok (1993)
- Dødelig madonna – Kriminalroman (1993) (Saman med Gunnar Staalesen)
- Skrik – Kriminalroman (1994)
- Nattsug – Kriminalroman (1995)
- Rekyl – Kriminalroman (1996)
- Blackout – Kriminalroman (1998)
- Drømmen om Marilyn – Roman (1998)
- Blomster og blod – Kriminalroman (2000)
- Blitz – Kriminalroman (2001)
- Fri som fuglen – Kriminalroman (2002)
- En by som ingen ainnen: Trondheim og jeg siden 1936 – Memoar/Dokumentar (2004)
- God natt, elskede – Kriminalroman (2007)
Prisar
endre- Rivertonprisen 1980, for Kortslutning
- Cappelenprisen 1986
- Palle Rosenkrantz-prisen 1986, for Viktor! Viktor!
- Bokhandlerprisen 1987, for Purpurhjertene
- Glassnøkkelen 1996, for Nattsug
Kjelder
endre- ↑ «Krimforfatter Fredrik Skagen er død». Adressa. 23. juni 2017. Henta 23. juni 2017.